Det seier stortingsrepresentant Oskar Grimstad frå Hareid. 14. desember 2008 miste han og kona Lillian dottera Kamilla (17) i ein husbrann i Flusund i Herøy. Kjærasten Marius Voldsund (20) døydde også, i tillegg til to andre ungdommar.

No krev Oskar, Lillian og mor til Marius, Gunn-Evy Stige frå Skodje, at politiet etterforskar saka på nytt.

Sovna ikkje stille inn

– Vi meiner politiet har sett bort frå essensielle opplysningar, og også halde viktig informasjon unna oss pårørande, seier Grimstad som også fortel om saka i boka «Han er ein luring, denne Jesus», skriven av Roy-Arne Folkestad og gjeven ut i fjor haust.

– Etter ulykka fekk vi vite at alle dei omkomne vart funne i sengene i huset, og at dei hadde sovna stille inn. Eit halvår etterpå fekk vi kjennskap til at Marius låg død på kjøkkenet, og tydelegvis hadde prøvd å kome seg ut. Ein av dei andre omkomne låg ved eit vindauge. Og naboar hadde fortalt at dei hadde høyrt ei jente rope om hjelp. Kvifor fekk vi ikkje vite sanninga av politiet?

Vitne

– Etter å ha masa mykje på politiet, fekk vi tilgang på vitneavhøyr frå naboar nesten eitt år etter brannen, seier Lillian.

– Der gjekk det fram at naboane hadde sett ein mann gå ut og inn av huset fleire gonger, slamra med ei bildør, og latt ytterdøra stå open. Etter ei tid såg naboane eit rart lys i huset, som kort tid etter brann eksplosjonsarta. Naboane vart skremde då dei kort tid etter hadde mannen på døra. Då sa han at han ikkje visste om det var andre i det brennande huset.

– Ikkje nok med det: I ein parkert bil ved huset fann bileigaren kort tid etterpå ein bag full av eigedelar tilhøyrande dei omkomne, pluss gjenstandar frå huset, tilfeldig samanraska. Blant anna vart kameraet til Kamilla, klesplagg, ein korthaldar med sertifikat og eit samuraisverd som hang på veggen funne i bilen, som var forsøkt starta med ein bilnøkkel som ikkje passa. Då bileigaren fortalde politiet om funnet, skal dei ha sagt «stikk innom med det når det passar», seier Oskar Grimstad, som meiner politiet ikkje forstod kor viktig funnet var.

Lagt bort

Då foreldra lenge etter brannen skaffa seg desse opplysningane, anka dei saka inn for Riksadvokaten.

– Som sende saka tilbake til dei som stod for første etterforskinga. Dei la bort saka på nytt etter kort tid, seier Grimstad, som er sterkt kritisk til dette. Kritisk er han også til at Kripos berre var med på teknisk, og ikkje taktisk etterforsking.

Uforståeleg

Grimstad understrekar at foreldra ikkje vil vere etterforskarar lenger.

– For oss er det uforståeleg at politiet ikkje har innleia ny etterforsking når det er så mange ubesvarte spørsmål i denne saka. I løpet av desse fire åra har vi avventa situasjonen, men no vel vi å ta bladet frå munnen, og krev ny, full etterforsking. Ingen pårørande, heller ikkje lokalsamfunnet, kan leve med at det er heilt uavklart kva som skjedde den fryktelege førjulsnatta, seier Grimstad.

Beklaga

Lillian Grimstad og Gunn-Evy Stige seier at dei personleg har fått orsaking frå ein representant frå politiet, som meinte etterforskinga var mangelfull.

– Vedkomande hadde tårer i auga og var sterkt prega då han sa dette til oss, hevdar dei.

– Vi har slite frykteleg desse fire åra som har gått. Vi kan ikkje skjøne kvifor viktig informasjon vart halde tilbake for oss, seier Grimstad.

Åstaden. Det utbrende huset der fire unge menneskeliv gjekk tapt. Arkivfoto: Nils Harald Ånstad