For ei veke sidan gjekk stortingsrepresentant Oskar Grimstad og andre foreldre ut med hard kritikk mot politiet si gransking av døds- brannen som kravde livet av dottera Kamilla og tre andre ungdommar den 14. desember 2008. Dei andre omkomne var Marius Voldsund, Steffen Myklebusthaug og Kelly Remøy. Det er alle foreldra som står bak gjenopptakingstakingsbegjæringa.

Feilopplysningar

Grimstad viser til at foreldra og presten fekk vite at dei omkomne hadde sovna stille inn i sengene i huset – men at dei i etterkant fann ut at to av dei vart funne andre stader i huset, tydelegvis på veg ut.

– Kvifor fekk vi feilopplysningar? Undra Grimstad.

Les også: Krev dødsbrann granska på nytt

Mystisk

Vidare viste foreldra til vitneutsagn frå naboar, som hadde sett ein mann gå ut og inn av huset umiddelbart før brannen starta.

Og ikkje minst: Funnet av ein bag i ein parkert bil ved huset. Bagen inneheldt eigedelar tilhøyrande alle dei fire omkomne, i tillegg til gjenstandar frå huset.

Då eigaren skulle hente bilen, konstaterte han at det stod ein avbroten bilnøkkel i tenningslåsten. Nokon hadde prøvd å starte den eldre japanske bilen med ein Mercedes-nøkkel.

Prestestøtte

Grimstad og dei andre foreldra fekk støtte i sitt krav om gjenopptaking av Jens «Prest» Johnsen, som var sokneprest i Herøy då dødsbrannen fann stad.

– Denne saka må belysast på nytt, så grundig som muleg, sa Johnsen.

Bistand

– I etterkant har vi også funne ut av vi foreldra hadde krav på bistandsadvokat, i og med at ein av dei omkomne var under atten år. Vi vart aldri informerte om dette, seier Grimstad til Sunnmørsposten.

Gjenopptakingsbegjæringa har følgjande ordlyd:

«Viser til mediaoppslag vedr brann og manglende oppklaring på denne i Sunnmørsposten lørdag 02.02.13 og kommentarer fra m.a. politiinspektør Ingar Bøen der det kjem fram at en venter en begjæring om gjenåpning av saka. I samme intervju kjem det også fram påstander fra Bøen om sitat: Vi har hatt fleire møter med Grimstad om saka; sitat slutt.

En slik påstand fremstår som svært underlig da Oskar Grimstad er ukjent med slike møter!

På bakgrunn av ansvarliges handtering av saka med urette opplysninger samt manglende vilje til å rette disse legg vi til grunn og krev at saka denne gangen blir handtert av anna politidistrikt. Det er også ønskelig med et møte mellom alle dei berørte foreldra og Politimesteren for gjennomgang av saka, da etter nærmere avtale.

Vi foreldre til dei omkomne forventer å bli tatt på alvor da dette handler om fire unge liv som gikk tapt denne førjulsmorgenen for fire år sidan.»