- Dette vil heilt klart styrke Geirangerfjorden som ein leiande cruisedestinasjon, skriv Per Erik Dalen, styreleiar i Stranda Hamnevesen i ei pressemelding.

Skipa har til no ankra opp i fjorden og passasjerane blitt frakta i land i småbåtar.

- Dette tek tid, er kostbart, lite miljøvennleg - og har ført til at mange passasjerar har blitt verande ombord. Med enklare landgang vil fleire gå i land, noko som vil auke kundegrunnlaget for det lokale næringslivet, heiter det i meldinga.

- Men kva når fleire skip gjestar Geiranger same dag. Kan flytebrua flyttast mellom skipa?

- Nei. Flytebrua kan berre nyttast på eitt skip om gangen - fortrinnsvis det største. Difor vil vi til ein viss grad framleis måtte nytte småbåtar til og frå. Med det sagt skal vi sjå om det er muleg å i enno større grad styre cruiseankomstane, seier Dalen til smp.no.

Verdsarvfjorden i Geiranger har vore ein magnet på turistar i ei årrrekkje.

- Men nye tider stiller nye krav. SeaWalk-prosjektet representerer eit verdifullt tilskott for utvikling og kvalitetssikring av Geirangerfjorden som ein av verdas mest unike turistdestinasjonar. Ein SeaWalk vil redusere miljøutsleppa i fjorden vesentleg. For hamnevesenet er det viktig at vi ligg i forkant av utviklinga og tar dei utfordringane som følgjer med fleire passasjerar og større skip, på alvor, skriv Dalen.

Bygginga av det flytande brusystemet skal fullfinansierast av selskapet Sea Walk Geiranger, som også vil ha det økonomiske ansvaret for drifta. Cruisereiarlaga vil måtte betale et vederlag for bruk av SeaWalk.

- Det flytande brusystemet skal byggast ved dei eksisterande tenderbryggene i Geiranger sentrum, og planen er at anlegget skal stå klart alt i mai-juni i år, under føresetnad av at alle offentlege godkjenningar er på plass, heiter det i meldinga.

Leverandør av SeaWalk er selskapet Cruise Ventures i Luster.

Anlegget blir et supplement til Hellesylt Kai som stod ferdig i fjor, og som er spesielt tilrettelagd for å ta mot store cruiseskip.