På ferjeleiet Larsnes-Åram, Voksa, Kvamsøy er det sett inn ei reserveferje som har så liten plass at bilar risikerer å bli ståande att, og større bilar kjem ikkje om bord.

Ferja «Kvam» som normalt trafikkerer ferjeruta er på ein årleg service. «Strandebarm» er no sett inn på ruta, ei ferje med ein makskapasitet på 21 bilar.

Alltid forseinka

Det skapar problem for selskapet Brimer som held til på Kvamsøy. Dei leverer tankar i ein rekke størrelsar til forskjellige typar næringar.

Dagleg leiar Jarle Støylen fortel at dei no ikkje kan stole på ferja som går.

– For det fyrste så er den alltid forseinka. Det fører til at vi ikkje kan vere sikre på om vi rekk møter eller fly som planlagd, seier han.

Verst ved fjøre

Då han snakka med Sunnmørsposten laurdag var seint ute til eit møte på grunn av ei forseinka ferje.

Men ferja skapar og trøbbel for vareleveringa.

Ved fjøre sjø ligg ferja så lågt at større bilar ikkje kjem om bord på grunn av at det er så lågt under taket på bildekket.

– Sidan vi ikkje kan stole på ferja så har vi har måtta organisere eigen båttransport i staden for å bruke trailer, seier han.

Det er ikkje berre næringslivet på øyane som er frustrert over ferja, Sunnmørposten har siste veka fått fleire tips frå misnøgde ferjepassasjerar som har blitt forseinka og gjerne har måtta stå over ei ferje.

Til påske

Det er Norled som er ansvarleg for ferjeleiet. Administrerande direktør Ivan Fossan forstår frustrasjonen for passasjerane.

– Eg har full forståing for at folk er misnøgde, og eg beklagar at tilbodet ikkje er betre, seier han.

Fossan forklarer at «Kvam» vil vere på service fram til påske, og at «Strandebarm» vil trafikkere ferjeleiet i mellomtida.

Normal vil ferja «Austevoll» vore reserve i denne perioden, men den er sett inn på ruta Larsnes-Åram i tida ferjeruta Årvika – Koparneset er stengt grunna ombygging.

Varsla krise

Norled ynskja eigentleg å nytte ferja «Frafjord» i staden for den 42 år gamle «Strandebarm». Det fekk dei ikkje lov til.

– Den ferja er ikkje sertifisert for denne typen fjordkryssing. Vi søkte fylket om dispensasjon, men fekk nei, seier Fossan.

Han fortel at dei i Norled tidleg skjønte at det ville bli trøbbel.

– Vi skjønte det da det blei annonsert at ferjekaiene i Årvika og Koparneset skulle byggjast om. Dessverre har vi ikkje andre alternativ enn «Strandebarm» tilgjengeleg no, seier han.

Ferja «Strandebarm» blei bygd i Ulsteinvik i 1971 og har lenge trafikkert ferjeleiet Buavåg Langevåg nord for Haugesund. Ferja kan maks ta 21 bilar. Foto: Sergey Ashmarin/Wikimedia
Jarle Støylen mister møter på grunn av ferjetrøbbelet. Arkivfoto: Torill Myren