Stranda stemnar Hurtigruten

Stranda Hamnevesen og Hurtigrutene ASA blir ikkje einige om kva det skal koste å seile inn til Geiranger. Difor har styret i hamnevesenet no vedteke å ta ut stemning mot Hurtigrutene.

Her kjem MS Lofoten til Geiranger klokka 14 tysdag, som det første på årets sommarrute.  Foto: Geir Løvbugt

Arkivfoto. Rita Berstad Maraak er hamnesjef i Stranda. 

Nyheter

I går opna sesongen for hurtigruteskip til Geiranger. Men til kva for ein pris? Det blir altså ikkje hamnevesenet og reiarlaget einige om.

Hamnesjef Rita Berstad Maraak stadfestar overfor Sunnmørsposten at det er gjort eit samrøystes vedtak om å stemne reiarlaget, men ønskjer ikkje å kommentere saka som no blir advokatmat.

Det ønskjer heller ikkje kommunikasjonssjef Ragnar Norum i Hurtigrutene ASA å gjere. Han var heller ikkje klar over stemninga før Sunnmørsposten ringde han tysdag kveld.

– Dette må vi berre ta til etterretning og la våre juristar sjå på, seier han.

Usemja mellom hamnevesen og reiarlag kom for dagen hausten 2011 då Stranda Hamnevesen vedtok å krevje same hamneavgift frå Hurtigruten som frå cruiseskipa. Dette likte Hurtigruten dårleg.

For ei slik omlegging vil bety om lag ein halv million kroner i ekstrautgifter for Hurtigrutene ASA.

– Ein halv million kroner er mykje pengar for oss, har kommunikasjonssjef Ragnar Norum tidlegare uttalt til Sunnmørsposten.

Til hausten skal Hurtigruten byte ut nokre av sine anløp til Geiranger med besøk i Hjørundfjorden i staden. Usemja mellom hamnevesen og reiarlag skal vere ein av grunnane til dette.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no