– Verksemdene i Haram sparte ni millionar kWt eller mellom seks og sju millionar kroner årleg i energiutgifter ved å vere litt meir medvitne om korleis dei bruker straumen, seier Leif Rune Vinje frå Tafjord Marked til Sunnmørsposten.

I samarbeid med Enova har 17 verksemder i Haram vore med på prosjektet som no er ferdig. Det har kort fortalt gått ut på korleis ein kan spare energi.

Mykje å spare

Alle har spart, sjølv om ikkje alle har tatt prosjektet like grundig. Det har likevel vore så vellukka at fleire av verksemdene vil halde fram med å lære av kvarandre.

Ein av «vinnarane» er verksemda Ulmatec Pyro.

– I prosjektperioden auka vi arealet med 50 prosent, men hadde likevel ein reduksjon i energiforbruket på 50 prosent, seier dagleg leiar Jan Petter Urke.

Verksemda stod framføre fornying og utbygging, og ville dermed gå frå oljebasert til miljøvennleg energi. Ein monterte varmepumper, vannbåren varme og varmegjenvinning. Varmen vart henta frå sjøen, som har stabil temperatur heile året.

Forbruket av energi stupte frå 250 kWt pr kvadratmeter i året til 111 kWt. Mellom 160 kWt og 170 kWt blir rekna som svært bra.

Medvitne

– Men det viktigaste med energisparing er å vere medviten om korleis ein nyttar energien. I samband med prosjektet har alle verksemdene fått timemålarar, der vi i ettertid kan lese av kor mykje straum vi nytta til ulike tider. Vi oppdaga mellom anna at energiforbruket gjorde eit hopp medan temperaturen ute var høg. Ved å sjå nærare på dette, oppdaga vi at vindauge og portar vart sett opp når det var varmt ute. Vi lærte oss fort til å skru av varmen før vi sette opp portane, som elles skal vere att når det er kaldt. Desse målarane har gjort oss meir medvitne, seier Urke.

Leif Rune Vinje seier at alle verksemder med eit årleg energiforbruk på over 100 000 kWt i året skal ha slikt utstyr. Også private kan få installert utstyr ved å betale kostnadene.Vinje ønskjer at fleire kommunar kan vere med i slike prosjekt som ein har hatt i Haram.

– Også energisparande utstyr kostar, men det finaste er å vite at vi gjer noko godt for miljøet, seier Jan Petter Urke.

Camilla Blom frå Tafjord Marked og Ole Henning Bjørnevik frå Ulmatec Pyro har saman med 17 verksemder i Haram vore med på eit prosjekt som skulle gjere verksemdene medvitne om korleis dei utnyttar energien. Det har gitt resultat. Ulmatec investerte i prosjektperioden varmepumper med energi frå sjøen og har hatt svært stor effekt av det.
Energiforbruket pr. m2 stupte ved Ulmatec Pyro i Haram.