NRK Møre og Romsdal melder måndag kveld at privatetterforskar Jens Bjørkedal tok kontakt med dei pårørande etter Flusund-brannen i Herøy etter  å ha lese om saka i Sunnmørsposten.

Les også: Krev dødsbrann granska på nyttLes også: Ankar etter dødsbrann

Tidligere lensmann

Bjørkedal er tidlegare lensmann i Haram, og karakteriserte det på NRK som «uhørt» at politiet ikkje hadde lagt vekt på vitneavhøyr, og late vere å opplyse dei pårørande at dei hadde krav på bistandsadvokat.

Bjørkedal sa til NRK at han for fleire veker sidan bad politiet om å få saksdokumenta. Det har han ikkje fått.

Fire mista livet

Det har gått snart fire og eit halvt år sidan fire unge menneske omkom i ein eksplosjonsarta brann i Flusund i Herøy.

Dette skjedde like før jul i 2008, og politiet konkluderte med at brannen var ei ulykke. Dei pårørande med stortingsrepresentant Oskar Grimstad i spissen har aldri slått seg til ro med dette.

Dei meiner brannen var påsett, og støttar seg blant anna på observasjonar frå ein nabo, som såg ein person springe inn og ut av huset like før brannen.

Kritikk av politiet

I ein bil utanfor huset vart det funne mange av tinga som tilhøyrde dei omkomne ungdommane, samanraska i ein bag.

I Sunnmørsposten kom dei pårørande med skarp kritikk av politiet. Kravet frå dei pårørande var at saka vart tatt opp igjen, og etterforska av eit anna politidistrikt.

Lesfleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Stortingsrepresentant Oskar Grimstad miste dottera si i brannen. Foto: Svein Nordal