Krigshelt får commandoflåte oppkalla etter seg

– August Nærø var ein stor, men no gløymd krigshelt. Ein type som hadde passa godt også i dagens spesialstyrkar.

Sjølvaste 8. mai kom kaptein Thomas Adam med gladboskapen til Ågot Nærø. Foto: Svein Nordal 

Andre har blitt heidra for å ha skrelt poteter der borte

Ågot Nærø

August Nærø i 1945. 

August Nærø og ein kollega framfor «Helland», som no er på Sunnmøre Museum. 

Kaptein Thomas Adam peikar på dekorasjonen på kragen til August Nærø. Enkja Ågot (88) og barnebarnet Steffen er glade for at krigshelten no får den æra han fortener. Foto: Svein Nordal 

Nyheter

Orda kjem frå Thomas Adam, kaptein i Spesialstyrkene i Forsvaret. På sjølvaste 8. mai var han heime hos enkja etter August – Ågot Nærø (88) – med ein gladbodskap:

– Vi har no under bygging ein ny båtklasse som vert tatt i bruk neste år. Båtane skal brukast til støtte og bergingsinnsats for spesialstyrkane og marinejegerane, og får namnet August Nærø-klassen.

– Å? Ja ja, det kan no vere greitt at ein som verkeleg gjorde noko under krigen vert æra på denne måten. Andre har vorte heidra etter at dei simpelthen var der borte (i England) og skrelte poteter, kommenterte Ågot.

– Men eg er slett ikkje sikker på om August sjølv hadde brydd seg om slik heider. Han prata lite om krigen, som mange andre som verkeleg hadde gjort ein innsats.

Førstemann

August Nærø (1920– 1977) reiste på sjøen allereie som 14-åring. 18. januar 1941 reiste han over til Shetland, og allereie ein knapp månad seinare tok han på seg, som den første, å starte shetlandsfart mellom Norge og Shetland. Første oppdraget var å gå til Oksebåsen med agent Karl Johan Aarsæter frå Ålesund.

Dei andre i båten var Mindor K. Berge, Ivar Brekke og Gunnvald Bergsnes. Dei fire var dei første i den seinare så kjende Shetlandsgjengen.

Kjenner du til flere "ukjente" krigshelter? Tips oss på 95 400 400 (sms/mms) eller på 95400400@smp.no!

I orkan

Heilt fram til 1945 frakta Nærø agentar, spionar, utstyr og våpen over til Norge, frå Lofoten i nord til Lindesnes i sør. Det vart over seksti turar over Nordsjøen, alle på vinterstid, også i storm og orkan.

– Pappa miste seks av sine beste vener under krigen, og det var nære på for han sjølv mang ein gong. Dette er ei stor ære, seier dottera Sylvia Nærø.

Ved eitt høve vart dei liggjande i åtte døgn på drift i Nordsjøen med nedbrend motor. Dødsattestane var skrivne då gjengen endeleg kom tilbake til Shetland.

– Bestefar var eitt år yngre enn eg er no då han hadde gjort unna sin krigsinnsats. Det er fantastisk. Dette er ein fin måte for meg å bli betre kjend med bestefar, seier barnebarnet Steffen Nærø (26).

Vurderte å emigrere

Ågot Nærø meiner det var skammeleg korleis norske sjøfolk vart tekne imot av den norske staten etter krigen.

– Det var ingen hjelpetiltak. Mange gjekk under i alkohol og nerveproblem. August var så sint på systemet at han ei tid vurderte å emigrere til Australia, seier Ågot. Ho vart gift med August i 1949.

Sære typar

Kaptein Thomas Adam meiner typar som August Nærø hadde passa godt inn i dagens spesialstyrkar, og meiner difor det høver ekstra godt å oppkalle flåten etter han.

– I spesialstyrkane treng vi litt sære typar, individualistar med spisskompetanse – ikkje kadaverdisiplin-typar. Karane i Shetlandsgjengen skulle disiplinerast av norske offiserar. Det gjekk ikkje. Det britiske forsvaret såg verdien av dei, og gjekk meir pragmatisk til verks.

På tide

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr er svært glad for æra som vert Nærø til del.

– Eg hugsar at vi som var gutungar på 1970-talet sa til kvarandre då vi såg August Nærø: «Han der er ein krigshelt», men det var stort sett det vi visste. At historia hans no kjem fram i lyset er verkeleg på sin plass. Og på tide.

Overgår Larsen

Då krigen endeleg var over i mai 1945, kunne August Nærø notere seg for eit par turar meir enn sjølvaste Shetlands-Larsen. Men kvifor vart Larsen berømt, og ikkje Nærø, ikkje ein gong på Sunnmøre?

– Etter krigen hadde ein behov for å peike ut krigsheltar. Larsen vart eit symbol. Kanskje hadde det noko med filmen «Shetlandsgjengen» å gjere, seier lokalhistorikar Roald Sporstøl.

– Det er stort at Nærø endeleg får den heider han fortener. Fridom og fred er ikkje noko sjølvsagt, og August Nærø er eit godt døme på kva ein ungdom kan prestere når det verkeleg gjeld, seier Sporstøl.

Kjenner du til flere "ukjente" krigshelter? Tips oss på 95 400 400 (sms/mms) eller på 95400400@smp.no!