62 grader Nord hadde akkurat greidd å opparbeide Svinøy fyr til eit svært eksotisk reisemål for ei lita, men betalingsvilleg gruppe reisande. Gjennom media vart det sjeldne og særprega reisemålet gjort kjent - også for Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen viste til verneforskriftene, sa at helikoptertrafikk til Svinøya kun kan gjerast i samband med vedlikehaldsarbeid, og 62 grader Nord vart meldt til politiet. Saka vart lagt vekk av politiet, men stoppa likevel turisttrafikken.

Vil ha løysingKystverket via kystdepartementet har følgd opp med å be miljøverndepartementet vurdere mulege løysingar innan verneregelverket, og om nødvendig endre regelverket. I eit møte mellom Kystverket og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, sa regiondirektør i Kystverket, Harald Tronstad, at han ønskjer ei løysing slik at 62 grader Nord kan halde fram med å frakte turistar til Svinøya.

– Om avtalen med 62 grader Nord blir oppheva, må Kystverket la bygningane forfalle, eventuelt rive dei.

Kan ikkje gi løyveMen slik lovverket er i dag, kan ikkje Fylkesmannen gi løyve i den form Kystverket ønskjer. Saka er difor løfta opp på departementshald. Kystverket seier at det er urealistisk med ein annan leigetakar av fyrstasjonen enn 62 grader Nord.«Det er derfor beklagelig at man når ha kommet i en situasjon der verneforskriftene fører til at Svinøy fyr blir mindre tilgjengelig for allmennheten og der Kystverket mister leietakeren av ein eiendom som må anses som meget vanskelig å få leiet ut».

Få turarKystverket meiner det må vere muleg å kome fram til ei løysing som ivaretek omsynet til etterbruk av fyrstasjonen. Dei argumenterer med at leigetakaren har behov for å ta om lag fire til åtte helikopterturar per år. Dette er medrekna vedlikhaldsturar. – Det er altså snakk om eit beskjedent tal flygingar.