Det er NRK Møre og Romsdal som melder dette, etter eit møte mellom pårørande og politi, måndag.

– Møtet starta med ei lang orsaking frå politiet si side, mellom anna om måten vi pårørande har blitt møtt på, og måten vi har blitt orientert i saka på, seier Oskar Grimstad til smp.no.

Stortingsrepresentanten miste dottera Kamilla i brannen, dei andre omkomne var Marius Voldsund, Steffen Myklebusthaug og Kelly Remøy.

Politimeister Steven Hasseldal ved Sunnmøre politidistrikt stadfestar overfor smp.no at politiet har bestemt seg for å ta opp att saka etter møtet med dei pårørande, måndag.

Ikkje funne brannårsak

Det har gått snart fire og eit halvt år sidan den eksplosjonsarta brannen i Flusund i Herøy. Noko klar brannårsak har ikkje vore påvist.

Politiet konkluderte med at brannen var ei ulykke, men dette har dei pårørande aldri slått seg til ro med.

Dei meiner brannen var påsett, og støttar seg mellom anna på observasjonar frå ein nabo, som såg ein person springe inn og ut av huset før og etter brannen.

Startar umiddelbart

Politimeister Hasseldal er samd i at etterforskinga har svakheiter, men vil ikkje gå konkret inn på kva dette dreier seg om.

– Det er opplysningar vi vil nytte i den vidare etterforskinga, og det vil difor ikkje vere rett å gå ut med det i media. Det er av taktiske hensyn, seier Hasseldal til smp.no.

Han seier at politiet så langt ikkje har bestemt seg for kva dei skal gjere konkret, og kva for ressursar som vert sett på saka. Men Hasseldal seier at arbeidet skal starte umiddelbart.

Delvis medhald

I Sunnmørsposten i februar i år kom dei pårørande med skarp kritikk av politiet, og krevde saka tatt opp att og etterforska av eit anna politidistrikt. Slik blir det berre delvis:

Saka skal etterforskast på nytt, men også denne gongen av Sunnmøre politidistrikt.

Les også: Krev dødsbrann granska på nyttLes også: Ankar etter dødsbrann

– Korleis ser de som pårørande på dette?

– Det er eit vanskeleg spørsmål å svare på. Vi har kjempa for å få saka tatt opp att i over fire år, men følt at politiet har framstilt det som om vi har nekta å akseptere fakta. Fram til no. Møtet i dag baud på så mykje støtte og så mange orsakingar frå politiet si side, at eg for min del vart litt sett ut. Vi har då også bede om at politiet vidareformidlar det dei ga uttrykk for på møtet, til media, seier Oskar Grimstad.

– Vi ser på møtet som eit første forsøk på å byggje opp att tilliten, så får tida og det vidare arbeidet vise om dei fortener tillit, legg han til.

Under møtet beklaga mellom anna politimesteren at dei pårørande tidleg vart feilinformert om brannen. Også Hasseldal støtta kravet frå dei pårørande at eit anna politidistrikt skulle etterforska saka på nytt - men det vart avvist av statsadvokaten.

Engasjerte privatetterforskar

I april i år - etter å ha lese om saka i Sunnmørsposten, tok privatetterforskar Jens Bjørkedal kontakt med dei pårørande etter brannen.

Bjørkedal, som er tidlegare lensmann i Haram, vart engasjert som privatetterforskar. Overfor NRK har han tidlegare karakterisert det som uhøyrt at politiet ikkje hadde lagt vekt på vitneavhøyr, og late vere å opplyse dei pårørande at dei hadde krav på bistandsadvokat.

Les også: Pårørande engasjerer privatetterforskar

– Kor viktig har Bjørkedal vore i saka?

– Særs viktig. Vi kjempa på eiga hand i over fire år. Jens Bjørkedal har vore ein nøkkel til at saka no blir tatt opp på nytt, seier Grimstad.

Stortingsrepresentant Oskar Grimstad miste dottera si i brannen i 2008. Foto: Svein Nordal