Det er lokalavisa sjølv som melder dette torsdag. Hovudårsaka til underskota skal vere svikt i annonseinntektene.
- Klarer vi ikkje å auke inntektene til avisa og få inn ny kapital, har vi inga anna muligheit enn å foreslå at selskapet blir oppløyst, seier styreleiar Anne-Lise Roald til smp.no.
- Utover dette ønskjer eg ikkje å seie så mykje. Det blir halde generalforsamling, fredag der vegen vidare blir eit sentralt tema. Eg vil vente til etter dette, legg ho til - og viser i staden til artikkelen i Øy-Blikk.
Og i artikkelen heiter det frå styret at det har vore arbeidd med å kutte kostnader heile tida, slik at det no berre er auka inntekter og auka eigenkapital som vil nytte.
- Vi har ei meining om vegen vidare. Men den skal aksjonærane få høyre først, seier Roald til avisa.
Roger Blindheim er hovudaksjonær i Øy-Blikk.
Opplagstala for avisa har sunke dei siste åra - frå 1.839 i 2009 til 1.674 i fjor.
Øy-Blikk vart starta i 1985.