Ueinig i støtte til «Fjordman»-bok

- Debatten treng vi, men økonomisk støtte til Peder Nøstvold Jensen er vi imot.

Arkiv. Hege Løseth, leder av støttegruppa etter 22.7 i Møre og Romsdal.  Foto: Kjell Herskedal

Nyheter

Det seier leiaren for støttegruppa etter 22.7 i Møre og Romsdal, Hege Løseth.

Fredag melde NRK at ålesundaren Peder Nøstvold Jensen, alias Fjordman, får 75.000 kroner i støtte frå Stiftelsen Fritt Ord til å skrive bok om rettssaka mot Anders Behring Breivik.

– At Nøstvold Jensen skriv boka er ein del av ytringsfridomen. At det kjem ein debatt i etterkant av boka reknar vi med. Sjølv om debatten utan tvil blir vond, er den nødvendig. Men å gje boka økonomisk støtte meiner vi ikkje er etisk rett, seier Løseth.

Rette opp feilsitat?

Då journalist Simen Sætre tidlegare i år gav ut bok om Fjordman, skreiv Peder Nøstvold Jensen til Sunnmørsposten at han opplevde seg feilsitert i boka.

«Eg vil publisere resten av det eg har å si i min egen bok om Breiviksaken», skreiv han i ein e-post.

Les også: Fjordman om Fjordman-boka

Debatt

Løseth understrekar at Støttegruppa etter 22. juli ikkje ønskjer å vere ein del av ein debatt om innhaldet i boka.

– Om ei slik bok i det heile er eit bidrag til ein samfunnsdebatt er vi sterkt kritiske til. Vi kan ikkje sjå for oss at Fjordman, forbildet til massemordaren Behring Breivik, skal kunne bidra til noko som helst i ein slik debatt, seier Løseth.

Ein samfunnsdebatt og samtale om ekstremistiske haldningar på eit generelt grunnlag er leiaren for støttegruppa ikkje imot.

– Tidlegare kunne vi vite kven som hadde ekstreme haldningar ut frå ytre kjenneteikn som til dømes klede og frisyrer, banner og plakatar. Slik er det ikkje i dag. Derfor er det like greitt at det blir ein debatt i det offentlege rom. Og haldningane til Fjordman kan ikkje bli ståande uimotsagt, seier Løseth.

Sjå også: Fritt Ord: - En vanskelig sak

Sjå også:
Støttegruppa: Sammen om å forebygge ekstremisme (ekstern lenke)