Venstre på dørstokken til Stortinget

Senterpartiet står i fare for å miste sin representant.
Nyheter

Sjå resultata frå Sunnmørspostens fylkesmåling for juni ved å klikke til bilde nummer tre over saka

Les kommentar til målinga i papirutgåva av Sunnmørsposten måndag

– Dette er oppløftande, gledeleg og inspirerande i ein heftig valkamp,  seier stortingskandidat Pål Farstad (V) då han får vite at han kan verte innvald i haust.

– Veljarane må merke seg at Venstre har ein god sjanse, seier han.

Meiningsmålinga som Respons har utført for Sunnmørsposten viser at Venstre ligg på nivå med fylkestingsvalet, og at dei har gått mykje opp sidan siste måling i mars.

Forklaringa hans er at han har vitja lokallaga, møtt folk og fått omtale. På Nordmøre der han bur er han kjent, men han snakkar framleis sunnmøring godt som nokon, og vil bry seg om heile fylket, også Romsdal.

– Vi må hugse at dette berre er ei måling, men inspirasjon er det, seier han.

Følg smp.no på Facebook

Reiseliv, maritim næring og fiskeri

Viktige saker for han er reiselivet, dei marine og maritime næringane og fiskeria, der han har sin yrkesbakgrunn. Han snakkar også om kor viktig Campus Nørve er med høgskule og oljeindustri.

– Eg har vore ambassadør for fiskerinæringa i heile landet, og eg har fått prege fiskeripolitikken til Venstre, seier Pål Farstad som ser for seg eit politisk verv på høg plass i ein marin samanheng.

Venstre har tidlegare påvist at Sunnmøre nesten ikkje har hatt nokon i dei sentrale posisjonane for dei marine og maritime næringane.

Meiningsmålinga viser at Venstre i Møre og Romsdal har 7,6 prosent oppslutning. Det er like bak Senterpartiet som har åtte prosent:

– Vi jagar mot åtte prosent av stemmene, men eg har sagt heile tida at vi kan nærme oss 10 prosent, seier han.

Stor forandring

– Veljarane skal vite at dersom Venstre og dei andre høgre-paria vinn valet får vi ein annan politikk som kjem til å slå tungt inn i Møre og Romsdal, seier Jenny Klinge (Sp).

Det kjem til å merkast for landbruket, kommuneøkonomien og for samferdsel. Ho viser til utsegner frå framståande Venstre-folk om at dei er skeptiske til å byggje vegar på Vestlandet, men samle innsatsen på Austlandet i sentrale strok.

Jordbruket kjem raskt til å merke eit nytt fleirtal på Stortinget. Det er varsla at eksportstøtta for ost skal bort, og dersom det skjer vert meieriet i Fræna lagt ned over natta. Også andre distriktsarbeidsplassar er i fare.

– Det er opp til veljarane å bestemme, men dersom vi får det fleirtalet på Stortinget som det kan sjå ut til, er det fare for at mykje av det vi har bygt opp vert rive ned, seier Klinge og legg til at dette gjeld kvardagen til folk.

Partibarometer - Møre og Romsdal

Kilde: Respons

PartiRespons

Juni 2013

Respons

Mars 2013

+/-Valg 2009mandat

valg 2009

Mandat

juni 2013

Rødt1,10,20,90,5
SV2,53,1-0,63,8
Ap24,523,51,030,732
Sp8,07,40,68,611
Venstre7,64,92,73,8
KrF8,59,7-1,28,411
H31,535,7-4,216,113
Frp15,315,00,327,431
De Grønne0,80,20,60,1
Andre0,20,30,10,6

NB:

Møre og Romsdal har etter den nye mandatfordelinga 8 direktemandat og eitt utjamningsmandat. Framstegspartiet fekk ved stortingsvalet 2009 utjamningmandatet for Møre og Romsdal.