– Eg er veldig glad for å kunne fortsette å arbeide med dette. Det gir ein fin meistringsfølelse og eg har lært utrulig mykje, seier 21-åringen frå Fosnavåg.

Følg smp.no på Facebook

Skjønnheitsutøvarar

Miss Universe Norway er ein årleg konkurranse, inspirert av Miss Universe i USA. Konkurransen er for kvinner mellom 18 og 27 år. Dei må melde seg på sjølve over internett og for å gjere det bra i konkurransen må dei gjere forskjellege aktivitetar. Dette kan mellom anna vere frivillege tenester, modellering eller å skaffe sponsorar. For kvar aktivitet får deltakarane 10 poeng.

– Dei er skjønnheitsutøvarar, forklarar Knut Yrvin i Miss Universe Norway.

– Dei trener like hardt som andre toppidrettsutøvarar.

TIl årets konkurranse melde over 200 kvinner seg på. Men ikkje alle har nådd heilt opp.

– Av dei 200 er det mange som har falt ifrå. Dei har null poeng, fordi dei gjer ikkje nokon innsats. Det verkar som mange melder seg på berre for å auke statusen sin på Facebook, seier Yrvin.

– Då blir dei berre utstillarar, ikkje utøvarar.

Drøymer om å bli TV-vertinne

Britt Rekkedal er i år den einaste frå Sunnmøre som har blitt valt ut blant dei 14 beste i konkurransen. Først var ho usikker på om ho ville vere med. Men i februar i år deltok ho på ein annan skjønnheitkonkurranse og då anbefalte ein venn av henne å melde seg på.

– Eg var litt i tvil, sidan det går så mykje tid og energi til det, seier Rekkedal.

– Men så tenkte eg at dette kan vere ei god mulegheit for meg til å opprette nye kontakter til å ha eit grunnlag for å realisere draumane mine om å bli TV-vertinne ein dag. Eg ser det som ei "once in a life time"-oppleving.

– Ei fabelaktig jente

Knut Yrvin har svært god tru på 21-åringen.

– Ho er ei fabelaktig jente. Ho står på, sjølv med full jobb ved sidan av, og ho gjer eit veldig godt inntrykk, seier han.

Rekkedal er no svært glad for å få delta i finalen.

– Det er først og fremst ein lettelse. Det har gått ein god del pengar, tid og arbeid til dette, så å ryke ut før finalen hadde blitt veldig kjipt.

Foredrag for skuleelevar

Finalen i Miss Universe Norway er 28. september. Men mykje arbeid står att før den tid. Meir poeng må samlast for å nå heilt til topps. Rekkedal har blant anna lyst til å halde foredrag for 10. klassingar når skulen byrjer på att til hausten.

– Eg har lyst til å inspirere ungdommar til å følgje draumane sine, trasse jantelova og lage sin eigen veg, seier ho.

– Om nokon med god innflytelse og som var eit godt førebilete hadde gitt meg ein motivasjonstale på den tida, så hadde eg funne litt meir energi til å yte betre. Ikkje berre på skulen, men på fritida også.

21-åringen frå Fosnavåg vil jobbe hardt for å kome til finalen i september. Foto: Kristin Nordnes