Det var ei strålande morgonfrisk Erna Solberg som saman med livvakta si steig av morgonflyet på Ålesund lufthavn Vigra fredag morgon. Derifrå barst det rett bort til eit ventande Nord-helikopter – der Ulstein-topp Gunnvor Ulstein trippa nervøst og intenst:  Ho skulle opp i eit helikopter for første gong, og ho skulle samstundes få fortalt statsministerkandidaten alt ho hadde på hjartet.

Og det var ikkje lite! Ulstein fyrte opp alt medan helikopteret stod på bakken. Resten tok ho over interkcm-anlegget om bord.

Og det er ikkje vanskeleg å la seg bergta av ytre søre Sunnmøre frå lufta ein slik morgon. Holmar og øyar knytt saman av eldre og nyare brusamband – til det som vert kalla «Den maritime klyngja».

- Her må på plass eitt stort samband til ser du Erna – Hafast! Proklamerte Gunvor Ulstein, peika ned og gav garantiar frå lufta om at dette vil løne seg å satse på for ei kvar komande regjering.

- Og så må formueskatten bort. På litt sikt vil du få mykje meir att i form av selskapsskatt, lova Gunvor Ulstein den blåkledde statsministerkandidaten frå Høgre.

Så mykje fekk Gunvor Ulstein prata i løpet av flygeturen, og med ei slik entusiasme, at Erna Solberg tidvis hadde meir enn nok med å høyre på. Mobiltelefonen hennar gjekk seg truleg varm av all fotograferinga ut frå venstre cocpitsete. Og nokon eventuell helikopterskepsis kan Gunvor Ulstein umuleg ha fått til til å tenkje ein tanke på.

- Ikkje berre ytre fekk gode Høgre-skussmål frå lufta. Då piloten gjorde ein loop over Ålesund by, med båtar ut og båtar inn, kom denne: - Du og du for en vakker by! Så var det også sagt. Og fotografert.

- Etter landing ved Kystverket sitt anlegg i Nørvevika, var eit VG-team umiddelbart på pletten. Dei fylgjer statsministerkandidaten gjennom 24 timar – og kunne knapt valt betre tid og stad for dette?

Høyre-lederen svevende over sentrale deler av Sunnmøre. Foto: Knut Arne Aarset
Gunvor før sin første helitur - pilot er Morten Iversen Foto: Knut Arne Aarset