Kripos-gruppe ser på Herøy-brannen

- Betyr svært mykje for dei etterlatne, seier bistandsadvokaten.

Fire ungdomar miste livet i brannen på Flusund i Herøy, 14. desember 2008. ARKIVFOTO: NILS HARALD ÅNSTAD  

Nyheter

Innan utgangen av september skal ei gruppe frå Kripos inn og sjå på dødsbrannen på Flusund i Herøy i 2008, der fire unge miste livet. Det stadfestar bistandsadvokat Odd Hovde overfor NRK Møre og Romsdal, torsdag.

- For dei av dei etterlatne som har hatt krefter til å engasjere seg i saka, betyr dette svært mykje, seier Hovde til NRK.

Dei etterlatne har vore sterkt kritisk til etterforskninga, og meiner brannen vart påsett. Etter å ha kjempa lenge for å få saka tatt opp att, opna Sunnmøre politidistrikt for ny etterforskning i mai i år.

– Politiet ser i ettertid at etterforskninga har svakheiter og vil ta med seg læringspunkta inn i det interne arbeidet for å bli betre, skreiv politimeister Steven Hasseldal i ei pressemelding den gongen.

Dei kriminaltekniske undersøkingane etter brannen vart gjennomført med bistand frå Kripos, utan at ein fant fram til brannårsaken.

Les også: Pårørande engasjerer privatetterforskar

Les også: Krev dødsbrann granska på nytt

Les også: Ankar etter dødsbrann