Lastebåten «Laksfrakt» måtte ha assistanse ved Rogneholmen i Haram, måndag morgon.

- Vi fekk melding om at båten hadde gått seg på ei grunne rundt klokka 07, seier Per Iversen på Buksér og Berging sin båt «Mini Mammut» til smp.no.

Fordi det flødde, venta «Mini Mammut» nokre timar med å drage den 38 meter lange båten av grunna, fortel Iversen vidare.

- Rundt klokka 11 tok vi den i slep - og vidare av grunna. Dette var ei sandgrunne og båten skal ikkje ha blitt skadd, seier han.

Skipperen på «Laksfrakt» har ei ganske anna forklaring på kva som skal ha skjedd:

- Vi har ikkje vore på grunn. Derimot har vi hatt motorproblem, seier han.

- Mannskapet på «Mini Mammut» seier dei har slept «Laksfrakt» av grunna. Stemmer ikkje dette heller?

- Nei. Når dei hadde slep fast, så var det for å halde oss på plass. Vi kom igang att for eiga maskin, hevdar skipperen.

Per Iversen på «Mini Mammut» reagerer med vantru, når smp.no kjem tilbake med skipperen på «Laksfrakt» sin versjon.

- Så dei har ikkje blitt slept? Vel, vi har slept dei. Dette kan det automatiske identifikasjonssystemet (AIS-en) seie meir om, seier han.

Har du tips eller bilde i saka? Send til 95 400 400 eller 95400400@smp.no

FOTO: MMS-TIPSAR