Stø kurs mot retten

Møter og mange brev nyttar ikkje. Hurtigruten ASA og Stranda Hamnevesen KF blir ikkje einige om avgiftene, og seglar mot Sunnmøre tingrett.

HURTIGRUTA: «Polarlys» har passert både kongeskipet «Norge» og fossane Dei sju søstre, og er på veg mot Geiranger. FOTO: Roger Engvik 

Nyheter

Her er det no sett av to dagar til rettssak i november.

– Partane er einige om kva dei er ueinige om, men har ein løpande dialog, seier advokat Lennart Garnes i Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA.

Han representerer Stranda Hamnevesen.Og det dei er ueinige om er avgiftene i Geiranger.

Same avgift

Usemja mellom hamnevesen og reiarlag kom for dagen hausten 2011 då Stranda Hamnevesen vedtok å krevje same hamneavgift frå Hurtigruten som frå cruiseskipa.

Det nye frå 2012 var at hurtigruten skulle betale avgift for alle passasjerar som er om bord i hurtigrutene. Tidlegare har dei berre betalt for dei passasjerane som har gått i land, medan cruiseskipa heile tida har betalt for alle passasjerane.

Halv million

Dette likte Hurtigruten dårleg. For ei slik omlegging vil bety om lag ein halv million kroner i ekstrautgifter for Hurtigrutene ASA.

– Ein halv million kroner er mykje pengar for oss, har kommunikasjonssjef Ragnar Norum i Hurtigruten tidlegare uttalt til Sunnmørsposten.

– Det er prinsipielle spørsmål partane er ueinige om, legg advokat Garnes til – utan å ville prosedere saka på førehand i avisa. Han ventar til rettssaka i november.

Det gjer også Hurtigruten sin advokat, Mats E. Sæther i Nordisk Skibsrederforening / Nordisk Legal Services.

– Partane står langt frå kvarandre i dag. Men det blir sendt prosesskriv til kvarandre, så får vi sjå om det er grunnlag for nokon diskusjon, seier Sæther.

Klage avvist

Hurtigruten prøvde tidlegare i år også å klage hamnevesenet inn for Konkurransetilsynet, utan hell.

I eit brev til Konkurransetilsynet hevda Hurtigruten at hamnevesenet bryt både konkurranselova og pristiltakslova. Reiarlaget bad difor Konkurransetilsynet om å gripe inn. Men tilsynet avviste klaga.Striden mellom dei to er også ein av årsakene til at Hurtigruten begynte å sjå seg om etter andre vestlandsfjordar å segle inn i, og valde Hjørundfjorden.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no