Før Eiksundsambandet opna vart eingongsveksten idet sambandet opna berekna til 30 prosent. I verkelegheita vart eingongsveksten vart langt større, 110 prosent. Det er meir enn ei dobling av trafikken.

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) på Mørebenken meiner derfor rapporten frå TØI som vart presentert fredag undervurderer betydeleg veksten som vil kome med Møreaksen og med ferjefri kryssing av Storfjorden.

– Eg har studert rapporten. Og eg synest at rapporten er mangelfull på ein del område. Den tar ikkje omsyn til eingongsveksten som vil kome, seier Orten.

Han meiner det er grunn til å tru på ein betydeleg eingongsvekst i det sambanda opnar.

Samfunnsnytten

– Eg meiner rapporten også undervurderer samfunnsnytten betydeleg. Eiksundsambandet, og også Freifjordtunnelen på Nordmøre, er svært gode eksempel på korleis ferjeavløysinga var med på å skape større bu- og arbeidsmarknadsregionar, som igjen skaper meirverdi for samfunnet, seier Orten.

Orten minner om rapporten frå Victor Norman og frå Torgeir Reve, som begge konkluderer med at ferjefri E39 er betydeleg samfunnsøkonomisk lønsamt.

Regjeringsplattforma støttar opp

Regjeringsplattforma til Høge og Frp støttar opp under det Orten seier. Eit av underpunkta der er:

«Bidra til at analysane knytt til samfunnsøkonomisk lønnsomhet forbetrast.»

- Regjeringsplattforma ser at berekningsmetodane så til dei grader undervurderer samfunnsnytten av viktige samferdselsprosjekt, seier Orten.

Rapporten frå TØI tar med alle byggjekostnader frå Ålesund til Bergsøy, som er langt meir enn sjølve fjordkryssinga. Derfor blir rapporten heilt feil, seier dagleg leiar Jan Petter Hammerø i Møreaksen.

Helge Orten (H) Foto: Staale Wattø