Sunnmøre politidistrikt har frigitt namnet på mannen som døde etter valdsepisoden i Ulstein, natt til tysdag: Den døde er Preben Mikael Dimmen, 27 år, frå Ulstein kommune.

Mannen som etter kort tid vart pågripen av politiet etter hendinga er til så lenge sikta for lekamsskading med døden til følgje.

Han er i 20-åra og av austeuropeisk opphav, opplyser politiet på Sunnmøre.

Sikta har fått oppnemnt advokat Torgeir Langva som forsvarar. Politiet stadfestar at dei vil framstille den sikta for varetektsfengsling torsdag denne veka.

Sunnmøre politidistrikt vil oppmode om krimteknisk bistand frå Kripos, og det er forventa å få denne i løpet av denne veka.