Volda er den store vinnaren, med ein handelsvekst på heile 25 prosent siste fem åra. Kommunen går frå ein sjetteplass og kaprar tredjeplassen bak Ålesund og Ulstein, når ein reknar omsetning per innbyggjar.

Her kan du sjå interaktiv grafikk som viser korleis shoppingen på Nordvestlandet har auka dei siste fem åra.

– Det er kjempepositivt at Volda er på rett veg, seier Torill Hasfjord Bjørneset, leiar i Volda Handelsforening.

Eid ned

For fem år sidan låg Eid på tredjeplass blant kommunane i utvalet, men ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå har handelen i Eid gått ned med 4,3 prosent. Handelssenteret midt i Nordfjord ligg no på sjetteplass i omsetning per innbyggjar.

Auken i Volda kan forklarast med etablering av fleire store kjedebutikkar i Furene, sentralt plassert med eit stort omland som følgje av Eiksundsambandet og seinare også Kvivsvegen.

– Men det er ikkje berre Furene. Det er bra handel i Volda sentrum også, seier Bjørneset.

Les også: Vi shoppar meir - interaktiv grafikk

Pussar opp

Herøy tek andreplassen på lista over størst prosentvis vekst. Kommunen er i medvind, med stadig aukande folketal, og det er tydeleg at dei som bur der i større grad handlar lokalt. Knapt 59.000 kroner la kvar innbyggjar att i eigen kommune i fjor.

Gunnar Gundersen ved Bygg & System på Mjølstadneset i Herøy er ein av dei som gler seg over veksten i Herøy.

– Vi har alltid hatt mykje å gjere. Det har vore jamn byggeaktivitet siste år, og det er klart at folk her har god økonomi. Og dei som jobbar på supplybåt for eksempel, er mykje heime og pussar opp, smiler Gundersen som før helga opna ny og større byggevarebutikk.

Overskot

Verksemda har sidan oppstart i 1984 alltid hatt overskot. Rekneskapen viser at omsetninga siste fem åra har auka frå 18,6 millionar til 61 millionar. Resultatet før skatt var i fjor på 2,2 millionar kroner.

– Vi brukar opp pengane etter kvart. Målet er ikkje å bli rik, men det er veldig kjekt å bygge ut og utvikle ting. Det er jo det som kjenneteiknar kulturen her, seier Gundersen og legg til at det er utvikling og ikkje pengar som har fokus i Herøy.

Stor auke

Omsetninga i byggevarebutikkane merkar gode og dårlege tider. Byggfag-kjeda har 21 butikkar i dei to fylka på Nordvestlandet.

– Butikken i Herøy er no den største, men mange har hatt stor auke, seier kjedekoordinator Vigdis Fiskerstrand.Omsetninga så langt i år ligg totalt sett likt med i fjor.

– Nokre stader går vi tilbake, men i Herøy går vi fram. Det har vore ein auke siste åra, men roa seg litt no – men det har det ikkje gjort i Herøy, smiler Fiskerstrand.

På butikkopninga møter vi også Amalie Storøy, ein ung gründer som er flytta heim frå Oslo til Herøy. Ho har designa den nye Byggfag-butikken, og ho vil hjelpe butikkar både i Herøy og distriktet elles til vidare vekst. Det er ikkje berre folkevekst og nye vegsamband som er viktig for omsetning:

– Det er superviktig å tenkje gjennom kva ein gjer når ein planlegg ein butikk. Mange kan ha noko å hente på små grep, seier Storøy.

<strong>Furene:</strong> Den sterke handelsveksten i Volda siste åra kan forklarast med dei store kjedene som har etablert seg i Furene, midt mellom Ørsta og Volda – sentralt ved Eiksundsambandet.