Back to Start vant prisen Årets Nyskapar i Stryn

Treningskonseptet Back to Start vant pengepris på 30 000 kroner.

PRISUTDELING: Knut-Henning Hjellbakk i Stryn Næringshage deler ut til Siri Linn Opsahl Haugen, gründer av Back to Start. Medgründer, Silje Blindheim, kunne desverre ikkje vere til stades. Foto: Wenche Nesje 

Nyheter

Årets Nyskapar er ein pris som skal styrke Stryns sitt omdømme som ein arena for industri- og næringsutvikling, og laurdag 28. desember var det treningskonseptet Back to Start som vant avstemminga med om lag 56 prosent av stemmen e. Back to Start vart nominert fordi dei har laga eit nyskapande enkelt og annleis treningsprogram.

Back to Start er eit lokalutvikla treningskonsept, blant anna med ein eigenutvikla treningsball og ein kleskolleksjon.

I tillegg til pengepremien vant konseptet ein plakett laga av Ingrid Øvreberg i samarbeid med Nomek. Dei to andre nominerte, men som kom til kort denne gang, var Loen Active og Septik 24.

Stryn Næringssamskipnad, Stryn Næringshage, Nordea, Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn & Fjordane står bak prisen, og avstemminga forgikk på internettsida Stryn.no