– Vi er godt nøgde med det desse reiarane leverer, seier sjef for Kystvakta, Lars Saunes, til Herøynytt .

Kystvakta har i 2013 gjennomført i overkant av 1660 inspeksjonar. Av desse førte 475 til åtvaringar. I 57 tilfelle har inspeksjonane avdekka regelbrot som har medført anmelding eller at skipet er brakt til norsk hamn for bevissikring, opplyser Kystvakta i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Kystvakta har vore sett inn i 156 søk- og redningsaksjonar og foretatt 59 slep.

Fosnavaag Shipping, Remøy Shipping og Remøy Management er dei reiarlaga som leiger ut til Kystvakta.

Flåte på 15

Kystvakta fekk i år tilført eitt nytt fartøy, KV Magnus Lagabøte, for operasjonar i kystnære farvatn. Flåten består no av ni havgåande fartøy og seks fartøy for operasjonar i kystnære farvatn.

Forsvaret eig sjølv 10 av desse skipa og leiger fem av fartøya. Alle desse fem er heimehøyrande i Fosnavåg.

KV Ålesund

I 2016 skal eit nytt havgåande fartøy etter planen erstatte KV Ålesund som er eigd av Fosnavaag Shipping.

– Dette blir bygt med Forsvaret som eigar. Dette er eit meir komplisert fartøy enn dei som vi no leiger. Det er eit helikopterberande fartøy som har ein del militære funksjonar som andre fartøy ikkje har, seier Saunes til Herøynytt.

– Kystvakta er statens viktigaste myndighetsutøvar på havet og bidrar kontinuerleg til sikkerhetspolitisk stabilitet, forsvarleg ressursforvaltning og beredskap i ansvarsområda våre, opplyser Kystvakta.

Arbeidet med å fase ut dei eldste kystvaktskipa, Nordkappklassen, er godt i gang. Alderen på desse skipa har passert 30 år. Dette er skip som Forsvaret sjølv eig. KV Andenes er første skip som etter planen blir fasa ut. Innfasing av dei nye skipa vil kome frå rundt 2020, opplyser Forsvaret.

Les meir hjå Herøynytt .