Solrun Toft Iversen, dramaturg ved Den Nationale Scene (DNS) i Bergen, meiner at bøkene til 32 år gamle Maria Parr frå Vanylven allereie har fått ei form for klassikarstatus.

– Vi har vore undervegs med å gjere Vaffelhjarte til teater i nokre år no. At vi har gitt oss i kast med det har mykje å gjere med at vi ser at bøkene til Maria Parr er kjempepopulære hos barn, forklarer Toft Iversen.

Oktober

I eit samarbeid med Sogn og Fjordane teater jobbar no DNS fram mot premiere på Vaffelhjarte i oktober. Stykket er basert på debutboka til Maria Parr, Vaffelhjarte, som også er opphav til ein NRK-serie frå 2011. Først skal stykket spelast på teatret i Bergen, før det legg ut på turné i Sogn og Fjordane.

– Eg håper at foreldra ser si besøkstid og tek barna med på teater – sjølv om det er for å sjå noko anna enn dei sjølv har sett på teaterscenen. Slik blir nye tradisjonar og nye klassikarar til, seier dramaturgen.

Suksess

Forfattar Maria Parr synest det er flott når dei store teatra vil prøve noko nytt for barn. For tida har Det Norske Teatret i Oslo stor suksess med Tonje Glimmerdal, basert på Parr si bok med same namn.

– At også Vaffelhjarte skal verte teater er svært kjekt. For meg er det viktig at den grunnleggjande tanken og stemninga i forteljinga mi vert teken vare på i teaterstykket. Samtidig er eg innforstått med at ting må forandrast på for å fungere for scene, fortel Parr.

Ferdig

Ho er godt nøgd med manuset som Jesper Halle har skrive, og føler ikkje for å leggje seg bort i utforminga av stykket ut over det.

– Når ein er ferdig å skrive ei bok, så eig ein ikkje henne lenger. Det vert spennande å sjå kva DNS får til. Dei har ein krevjande jobb føre seg. Eg gler meg til å sjå Vaffelhjarte på teaterscenen, seier barnebokforfattaren. Ifølgje dramaturg Solrun Toft Iversen vil publikum kome til å kjenne att både Trille og Lena, og mange av påfunna deira.

Nærare

– I stykket vil ein nok kome enno nærare Trille sitt store spørsmål om han har ein bestevenn. Det vert også lagt opp til å ha med ein del musikk, og skodespelarane skal synge sjølve. Og mange av dei spesielle episodane i boka er også med. Vi må vere kreative, det skal vere med både folk, fe, båtar og helikopter. Vi har litt å bryne oss på, men det skal verte bra, lovar Toft Iversen.