Hardt slit dagen lang

Heilt frivillig går studentane Line Løtveit og David Gustavsen Tvetene gjennom ei «helvetes-veke». Sjå introduksjonsepisoden frå tv-serien over.

Studentar: David Gustavsen Tvetene og Line Løtveit gjennomfører «helvetesveka». Sigrid Skjerdal th og Charlotte Oliversen jobbar med dokumentasjon. Også Ingrid Rui er med på prosjektet. 

Stup Line og David er ikkje spesielt godt trena, men denne veka skal dei trene kvar morgon. 

Nyheter

Målet er å teste ut om ideane til mentaltrenar Erik Bertrand Larssen har noko føre seg. Line Løtveit har lese to bøker som mentaltrenaren Erik Bertrand Larssen har skrive, og det var ho som fekk ideen til opplegget.

– Eg tenkte at dette må eg prøve, fortel Line som saman med medstudent David Gustavsen Tvetene er i full gang med ei spesiell veke ved Høgskulen i Volda.

Miniserie

Saman med tre medstudentar på journalistutdanninga er dei i gang med å dokumentere det heile «helvetesveka».

Dei lagar ein miniserie for nett-tv, som interesserte kan følgje både på studentane si eiga side, nernett.no og på smp.no.

– Vi lagar ein episode kvar dag, så det blir ganske hardt for oss tre andre også, seier Sigrid Skjerdal som er med og filmar i symjehallen, tidleg tysdag morgon.

Opp klokka fem

Det er strenge reglar for helvetesveka, som starta måndag morgon og varer til søndag kveld. Studentane må stå opp klokka fem kvar morgon, og dei skal vere i seng klokka ti.

Opplegget krev også at dei er ekstremt hardtarbeidande, fokuserte, bevisste og pliktoppfyllande heile veka. Og dei må vere blide, positive og løysingsorienterte heile tida.

Forbod

Det er også klare reglar om forbod mot sosiale media i arbeidstida. Koseprat med kollegaer skal haldast på eit minimum.

Tysdag morgon var teamet i symjehallen og sumde heile 1500 meter. Dei to skal etter eigne utsegner ikkje vere i spesielt god form, men uttrykker at dei skulle ha klart litt til – heilt i tråd med reglane for opplegget.

Vanar

Studentane pliktar å ete sunt heile veka. TV er forbode. Dei må trene minst ein gong per dag, og helst om morgonen.

Undervegs blir det fokusert på vanar. Line prøver å slutte å tyggje tyggjegummi. David vil gjerne begynne å sjå Kveldsnytt fast kvar kveld, men denne veka må han sjå det i opptak, sidan han skal vere i seng klokka ti.David meiner han i det daglege er litt for avslappa, og han kjem gjerne litt for seint til forelesingane.

Dette er noko han håpar å endre på gjennom «helvetesveka».

Sjå introduksjonsepisoden frå tv-serien i toppen av saka!