Fann seglskute-anker

Fullriggaren «Sørlandet» kan snart få igjen det 87 år gamle ankeret dei mista i Geiranger. Torsdag vart det henta opp.

Video: Morten Stridh og Marius Remøy

FAKTA
  • Bygd som skuleskip i 1927 - for opplæring av komande sjøfolk.
  • Senka under 2. verdskrig, men sett i stand igjen. Fekk i 1958 motor.
  • Utrangert som skuleskip i 1974, total oppussing i 1980, og frå 1981 eigd av Stiftelsen Fullriggeren Sørlandet.
  • Blir no leigd ut til ulike tokt - for tida til ein kanadisk skule.
Nyheter

– Dette er kjempeflott å høyre. Vi hadde faktisk avskrive dette ankeret, seier driftsdirektør Karl Danielsen i stiftinga «Fullriggeren Sørlandet».

– Dei har gjort ein utmerkt jobb, held Danielsen fram.

Og det var eit stolt dykkarteam, beståande av Remi Stridh, Morten Stridh og Marius Remøy, som torsdag ettermiddag kunne posere ved sidan av eit drypande vått anker som nettopp var blitt heist trygt på land.

I bakgrunnen stod to gode lokale medhjelparar: båtførar Stian Peter Merok og gravemaskinførar Svein-Inge Westerås.

Mista ankeret

«Sørlandet» mista ankeret under eit besøk i Geiranger i 2011. Årsaka var at det ramla av ei bit av ankeret der festet var.
Karane frå Hareid dykka etter ankeret både i 2011 og 2012, utan å finne det. I januar i år var dei tilbake, framleis utan hell.

No er ankeret funne. Les reportasje om hevinga i papiravisa i morgon.