– Her skal vi etablere oss. Eg har tomt på toppen av Syltefjellet, smiler abbedisse Thavoria.

Ho er født på Sjøholt, med Gillebo til etternamn. Etter over 20 år som nonne og abbedisse i Hellas flyttar ho heim til Sunnmøre.

Først skal dei halde til i leigde lokale i bygda Norddal, i den gamle prestebustaden i bygda. Men målet er som det har vore i over 25 år: å byggje eit nytt kloster oppe på toppen av Syltefjellet, med panoramautsikt over fjorden og Valldal.

Bygdefolket valde kloster

Torsdag var ein stor delegasjon frå den gresk-ortodokse kyrkja på synfaring i Norddal. Både arkitekt og geolog var med, saman med eit par prestar.

Den gresk-ortodokse kyrkja slo til og sende ein søknad til bygdefolket i Norddal då dei la ut den gamle prestebustaden for leige på finn.no. Bygdefolket var på jakt etter det dei kalla prøveverdsarvingar til å leige huset.

Valet fall på abbedisse Thavoria og hennar greske venner.

Dei får i første omgang leige bustaden i eitt år, men med høve til å forlengje kontrakten, seier Nystad.

– Korleis blir det å få eit kloster i bygda?

– Det blir spanande. Det har også bygdefolket sagt når eg har fortald dei kven som kjem hit. Dette blir ikkje noko lukka kloster, slik eg har forstått det. Tvert imot held dei ope hus.

Nonnekloster

Den gresk-ortodokse kyrkja ser for seg at det etter kvart vil bu fem til ti personar i huset, mest nonner – men også ein prest.

– Var ikkje dette utleigeprosjektet med tanke på å få barnefamiliar til bygda?

– Nei, skulen er no lagt ned allereie, så det vi har vore mest ute etter er å få ny aktivitet hit. Og det blir det no, meiner Ingvild Hansen Nystad.

Det greske reisefølgjet hadde også møte med kommuneleiinga på rådhuset i Valldal torsdag ettermiddag der ein gjekk i gjennom status for klosterplanane.

I starten skal klosteret leige prestebustaden i Norddal.