Statens vegvesen har på oppdrag frå departementet rekna på E39 frå Skei til Ålesund på nytt. Der kjem det fram at Fefast kjem best ut på strekninga Volda-Ålesund, medan den indre linja kjem best ut i Nordfjord.

Berekningane kjem fram i eit notat basert på ein SINTEF-rapport sendt til departementet i slutten av februar.

Følg smp.no på Facebook

Auka med 6,5 mrd.

Notatet konkluderer med at ein framleis står fritt i vegvalet over Storfjorden - via Fefast (Festøya) eller Hafast (Hareidlandet) - men kostnadene for Hafast er dramatisk høgare enn dei var då vegvesenet la fram tala i konseptvalutgreiinga i oktober 2011.

I kartet som følgjer med notatet er det teikne inn at kostnadene for Hafast har auka frå 13,5 mrd. til 20 milliardar.

I denne summen er det rekna ut frå ei løysing med hengebru med fleire spenn og flytande fundamentering. Det vert og påpeika at det knytter seg stor usikkerheit til kostnadene for dei ulike alternativa over Storfjorden.

– Bru over Sulesundet bør få ei meir omfattande utgreiing på grunn av krevande klimatiske tilhøve, heiter det i notatet.

Til samanlikning har kostnadene for Fefast berre auka frå 9,7 mrd. til 11,5 mrd.

Bru eller ny tunnel ved Eiksundet?

I konklusjonen i notatet vert det slått fast at om Hafast blir vald, må ein greie ut framtidig brukryssing over Eiksundet - med bruløysing som alternativt til nytt tunnelløp.

I mellomtida vert Eiksundtunnelen nytta som den er i dag.

– Det er grunna nyare skepsis til tryggleiken i djupe undersjøiske tunnelar, opplyser Kjell Kvåle som har forfatta notatet, til smp.no.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Indre 6 mrd. billigare

Lengre sør er dei meir sikre - og slår fast at E39 i midtre Nordfjord blir langt dyrare enn indre linje.

Stryn-linja, med allereie ferdigbygde Kvivsvegen, vil koste totalt åtte milliardar kroner, frå Skei til og med Ørstafjorden.

Til samanlikning vil midtre linje med bru Anda-Lote og bru over Austefjorden i Volda koste 12 milliardar.

Den midtre linja som Volda-politikarane ønskjer, med bru nærare Folkestad, vil koste totalt 14 milliardar kroner.

Forkjemparane for midtre linje frå Skei til Volda har lansert nye og billigare bruløysingar. Men ut frå notatet er det ikkje noko som tyder på at vegvesenet har klart å få ned prisen på bruene med ny teknologi.

Bruløysingar

Dessutan rår vegvesenet frå at det blir bygd klaffebruer på E39.

For alle fjordane vurderer vegvesenet hengebru på flytande pongtongar som beste flytebruløysinga og den som i størst grad sikrar fri skipsferdsel.

Ulike metodar

Vegvesenet har også rekna på samfunnsøkonomi, og her har dei eit argument for dei midtre alternativa:

– Dyre løysingar gir betre netto nytte når ein reknar lang tid, ifølgje notatet.

For Skei-Volda kjem Stryn-linja best ut ved 40 år. Med 75 år kjem dyraste alternativet, med bru aust for Folkestad til Volda, best ut. Bru over Austefjorden plasserer seg midt mellom.

Vegvesenet viser likevel til at offentlege utval og finansdepartement meiner 40 år er rimeleg levetid for ei veginvestering. Etter den tid må ein rekne med stor ombygging og oppgradering.