– På riksvegane held vi skansen. Her aukar ikkje etterslepet på vedlikehaldet. Vi håper å også ta inn litt av etterslepet på riksvegane i Møre og Romsdal i år, seier Thor Asbjørn Lunaas i asfaltseksjonen i Region midt.

I år vert det asfaltert 71 km riksveg i Møre og Romsdal Dette utgjer asfaltering for 46 millionar kroner.

På landsbasis skal det brukast 1,1 milliard kroner på ny asfalt på riksvegane, opplyser samferdselsdepartementet.

– Dette betyr at vedlikehaldsetterslepet ikkje lenger aukar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Her får du full oversikt over strekningane som blir asfaltert i Møre og Romsdal i år

Verre for fylkesvegane

For fylkesvegane står det verre til.

– Her er det grunn til bekymring. I 2009 var ein tredel av fylkesvegane dårlege eller svært dårlege. No er dette talet 45 prosent, seier avdelingsdirektør Knut Nauste i Statens vegvesen Møre og Romsdal.

Til fylkesveg har Møre og Romsdal fylkeskommune løyvd 38 millionar kroner til asfalt. Dette rekk til 71 km.

Her aukar etterslepet på vedlikehaldet.

Målebil

Vegvesenet opplyser at dei prioriterer ut frå mellom anna målingar av standard på dekket (oppsprekking, spor, jamnheit, hol og aldring) samt trafikkmengda på vegen.

– Målingane av vegdekket blir gjort av målebil. Det er dette som i hovudsak dannar grunnlaget for val av vegstrekningar, seier Thor Asbjørn Lunaas.

Asfaltsesongen startar rundt 5. mai.

Oversikten frå Vegvesenet viser at trøndelagsfylka asfalterer meir fylkesveg enn Møre og Romsdal.

I Statens vegvesen Region midt (Møre og Romsdal og Trøndelag) vert det lagt asfalt på totalt 485 km veg i 2014 – 178 km på riksveg og 307 km på fylkesveg. Totalt vert det lagt asfalt for 450 millionar kroner, 159 millionar av desse er på riksveg.

Følg smp.no på Facebook

Her vil Vegvesenet asfaltere i 2014. Kart: Statens vegvesen