«Hurtigruten gjentar for ordens skyld med dette at de verken nå eller i fremtiden vil akseptere å betale passasjervederlag eller annet vederlag for at personer som stammer fra Hurtigrutens skip ute i fjorden skal gå over selve kaien og eventuelt ha tilgang til et turistkontor og toalett.» Det skriv Hurtigruten sin advokat, Mats E. Sæther i Nordisk Legal Services i eit brev til Stranda Hamnevesen KF. Hamnevesenet har sendt prisar og vilkår for 2014 ut på høyring.

Her legg Stranda hamnevesen opp til å redusere anløpsavgifta og auke passasjervederlaget. Men Hurtigruten vil framleis ikkje betale. Dei hevdar at dei ikkje «anløper» Geiranger, og at dei difor ikkje kan krevjast for anløpsavgift.

Viser til dommen

Advokat Sæther viser til ein dom fra Sunnmøre tingrett i vinter der Hurtigruten fekk medhald i at dei ikkje skulle betale for 2012 og 2013. Denne dommen er ikkje rettskraftig, fordi hamnevesenet har anka.

«Det kom frem under hovedforhandlingene for Sunnmøre tingrett i Stranda-saken at kommunen ikke har hatt utgifter som kan dekkes gjennom anløpsavgift i 2012 og 2013. Hurtigruten kan ikke se at det er forhold i 2014 som tilsier at situasjonen stiller seg annerledes», skriv advokat Sæther.

Tenester

Han legg til at tingretten kom til at dei tenester som hamnevesenet hevda å levere til personar som tilfeldigvis hadde kome i land frå hurtigruteskip som passerte ute i fjorden ikkje er noko ein kan ta betalt for.

«Det blir som å ta betalt for at noen går over det kommunale torget», skriv Sæther. Og skulle hamnevesenet likevel ha høve til å krevje inn anløpsavgift, så meiner Sæther at hamnevesenet må ha ei meir rettferdig prisfordeling mellom store og mindre skip.

Ingen kommentar

Hamnesjef Rita Berstad Maraak seier at ho ikkje kan kommentere dette brevet no. Hamnevesenet skal først handsame alle svar på høyringa når fristen er ute. Til no er det berre Hurtigruten som har svart.

– Årsaka til prisjusteringane er mellom anna at vi har gått enda grundigare igjennom rekneskap og sjølvkost, seier ho.

Mats E. Sæther meiner Stranda ikkje har heimel til å krevje inn avgift eller vederlag.