Forrige veke jubla indre og sukka ytre del av Søre Sunnmøre over nye tal som sa Hafast vil koste 20 milliardar kroner. No plukkar Hafast-leiinga på prislappen.

Styreleiar i Hafast, Gunvor Ulstein, og dagleg leiar Kjell Sandli fortel at Hafast har samarbeidd med Statens vegvesen og fått fram flytebru som eit realistisk alternativ, for å krysse Sulafjorden. Denne løysinga vil koste om lag 5,5 milliardar kroner. Men så kjem plutseleg vegvesenet med eit notat som snakkar om hengebru i fleire spenn og med tårn som er fundamentert på pongtongar.

Då har kostnaden med brua auka til 13,9 milliardar kroner. Plussar ein på med moms og utbetring av Eiksundsambandet, så vart summen brått tjue milliardar kroner.

– For eksempel bør heile E39 få gul midtstripe før Eiksundsambandet får nytt tunnelløp eller vert avlasta med ei bruløysing.

– Inntil desse målinga er klare, baserer Statens Vegvesen sine uttalar på antakelsar.

Ikkje endeleg

Kjell Kvåle, prosjektleiar i Statens vegvesen, seier dei har stor respekt for det å krysse Sulafjorden.

Rådet frå vegvesenet som kan bety ein kostnad på 20 milliardar kroner er dermed ikkje nokon fasit.

Fefast: – Avstand

Men det spelar mindre rolle for Fefast-leiar Paul Kristian Hovden.

– Når vi skal planlegge framtidas stamveg, så er det at avstand kostar eit viktig poeng, seier han, vel vitande om at Fefast gir den langreiste gjennomgangstrafikken færre reisekilometer dersom dei får køyre Fefast.

Hafast derimot kan argumentere med å knyte saman bu- og arbeidsmarknad og den maritime klynga.

– Vårt håp er at regjeringa og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen ser bak tala som som vert lagt fram, seier Kjell Sandli i Hafast.