– Det blir opning i 2017. Vi gler oss!

Det seier Richard Grov, hotelldirektør ved Hotel Alexandra og leiar for forprosjektet som no er sett i gang for å få bygd pendelbane heilt frå fjorden og til høgfjellet i Loen.

1000 meter

Fjordstasjon for pendelbana blir på kaia like vest for Loen. Herifrå skal ein kunne ta gondol opp til 1000 meter høgde, med storslått utsikt over Loen-området, fjord og fjell.

– Vi vil skape ein opplevingsarena som skal bli lagd merke til internasjonalt, seier Grov.

Han trekkjer fram at frå fjord til fjell på fem minutt er unikt – også på verdsbasis. Restaurant, informasjonssenter og utsiktsplattform på fjellstasjonen vil vere utgangspunkt for eit breitt spekter av naturbaserte aktivitetar og opplevingar året rundt.

– Kvifor satsar de på dette?

– Vi føler at reiselivsproduktet står i fare for å forvitre, og vi treng fornying og fyrtårnprosjekt. Verda endrar seg, og dei som ikkje er villige til å endre seg med verda, står i fare for å forsvinne sjølve. Og dette prosjektet har eit stort potensial frå fjord til fjell, seier Grov.

Treng kapital

Det nystifta selskapet SleipnerHoven reknar med å låne 50 prosent av kapitalen som trengst for å få gjennomført planane. Ein tredjedel er risikokapital.

Hotel Alexandra vil vere tungt inne, men selskapet jaktar no fleire lokale og regionale investorar. Målet er at også det offentlege verkemiddelapparatet skal vere med og lyfte fram det ein meiner vil vere eit nasjonalt fyrtårn. Grov oppmodar no næringslivet og privatpersonar om å vere med å finansiere eit samfunnsnyttig prosjekt som kjem heile lokalsamfunnet og regionen til gode.

Motor

– Ein ting er kapital til å byggje anlegget, men kva med drifta? Er det nok kundar for å få dette til å gå?

– Det meiner vi tydeleg at det er. Vi må ha 50.000 tur/retur-reisande i året for at det skal vere berekraftig, og det kan vi oppnå med den marknaden som er i dag, seier Grov og legg til:

– Men dette er eit fyrtårnprosjekt, som vi trur blir ein motor innan reiselivet og som vil vere med og utløyse andre interessante investeringar i framtida. Dette prosjektet vil fylle opp mange kassaapparat som ikkje direkte har med dette prosjektet å gjere.

Ikkje verna

– Er alle like positive til prosjektet?

– Det rører ved mange interesser som ikkje alltid går i same retning. Dette var vi klar over då vi begynte, og vi har stor respekt for andre meiningar, seier Grov og lovar å lytte til alle.

70 prosent av Stryn kommune er verna, anten i nasjonalpark eller med andre vernevedtak.

– SleipnerHoven er utanfor desse konfliktsonene. Og alle andre interesser, som estetikk, skal vi ta vare på. Målet vårt er at når dette står ferdig skal alle seie at dette er flott, seier Grov.

Trur på prosjektet

Reisemål Stryn & Nordfjord applauderer også satsinga i Loen.

– Dette vil bli eit fyrtårn i norsk reiseliv. Det vil løfte Nordfjord sitt omdømme som ein attraktiv destinasjon nasjonalt og internasjonalt, seier reiselivssjef Marita Lindvik.Ho legg til at det er ei strategisk satsing, som vil gje stor forretningsmessig verdi for heile Nordfjord-regionen.

Ho viser også til fleire rapportar som syner at vellukka aktivitetdestinasjonar er avhengige av at det fins aktørar som torer å satse. Sleipner Hoven er også ei satsing som vil føre til at gjestene stoppar lenger i området.

Byggestart i 2015

Det blir no etablert ein organisasjon for eit omfangsrikt forprosjekt. Dette skal vere ferdig i januar 2015. 2015 og 2016 blir anleggsfase med full aktivitet.

Ei breitt samansett gruppe av ressurspersonar er med i arbeidet med å utvikle konseptet. Her er blant anna med folk som har brei naturfagleg erfaring. Sogn og Fjordane skikrins er representert, og det same er folk med spisskompetanse blant anna innan IKT og juss.

Ann Helen Blakset, frå Reisemål Stryn og Nordfjord, er leigd inn som delprosjektleiar. Ho vil jobbe med kartlegging av marknad, relasjonsbygging og profilering rundt prosjektet. Aaland arkitektkontor har ansvar for reguleringsplan og skal teikne fjord- og fjellstasjon.

Hotelldirektør Richard Grov og Hotel Alexandra er sentral i arbeidet med det nye prosjektet i Loen.