Frie tøylar på Xfree

Det vart ikkje holdt igjen når 69 frikøyrarar sette utfor fjellsidene i Trollbotn ved Bondalseidet i Ørsta på fredag

Fra toppen av XFree-løypa ved Bondalseidet. 

XFree-konkurranse fredag. 

Nyheter

Blant dei som drog på aller mest var det to nordfjordingar. Martin Gilleshammer (21) frå Eid hadde det luftigaste trikset, med ein skyhøg baklengs salto frå ein skavl i starten av “runnet”. Det gode føret gjorde at han fekk så høg fart at han ikkje klarte å fullføre resten av den planlagte linja.
 

Andreas Guddal (24) var den einaste som våga seg utfor den største hammaren i løypa, til publikum si store begeistring.

- Ein må satse litt, seier stryningen som ikkje kan konkurrere om medaljane sidan han ikkje klarte å stå etter det luftige svevet.

“Dra-på-stemning”

Henrik Wedum frå Øyer var den som turde å køyre raskast av alle. Sjølv var han ikkje heilt nøgd med linjeval, han ville eigentleg hoppe lenger og høgare. Alt dette er kriterium jurien legg vekt på når vinnaren skal kårast i løpet av laurdagen. Den erfarne skikøyraren lot seg imponere over innsatsen til konkurrentane.

- Det var skikkelig dra-på-stemning i dag. Nivået på konkurransen stod slettes ikkje tilbake for eit Noregscup-renn. Det verkar som at påskeveret og at det nærmar seg sesongslutt får folk til å gi litt ekstra. Kanskje nokon over evne, smiler gudbrandsdølen.

Perfekte forhold

Frikøyringskonkurransen til X2-festivalen vart gjennomført med perfekte forhold for skikøyring. Det meinte blant anna skifotograf og telemarkkøyrar Vegard Breie frå Ål i Hallingdal. 

- Heilt rått, skikkelig kul konkurranse, kunne han meddele ansvarleg for Xfree, Håvard Nesse, etter at han gjorde ein av konkurransens beste telemarkgjennomføringar. Nesse kunne sjølv puste letta ut då alle utøvarane i firetida meir eller mindre hadde kome seg heilskinna gjennom konkurransen.

- Arrangementet kunne ikkje gått mykje betre, seier han. 

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter