Då billettsalet byrja på grusbana på Hareid, der eit sirkus med «ufrivillige» artistar held til i desse dagar, stod seks jenter med plakatar og ville påverke sirkuspublikummet sine haldningar.

– Vi fekk merksemd av dei som stod i køa, og nokre ville diskutere med oss, fortel Hansen (17) og Grimstad (18).

Dei fortel at dei respekterer at folk har andre meiningar enn dei, men synest opplevingane var svært ubehagelege.

– Vaksne folk flirte, håna oss, kalla oss dritungar og tok snikbilete av oss fordi dei synest det vi gjer er teit,  fortel Grimstad.

Overraskande nok opplevde dei at sirkusarbeidarane var dei som behandla dei best.

– Vi synest det er direkte respektlaust og sjokkerande at vaksne folk oppfører seg så barnsleg, seier dei.

– Ei viktig sak

Dyrevernorganisasjonen NOAH køyrer ei kampanje mot bruk av dyr i sirkus, og det er denne Hareid-jentene ønskjer å støtte.

– Dette er ei viktig sak, for det er trist og fælt at dyr skal måtte lide for å underhalde oss, synest dei.

Jentene har oppretta eit arrangement på Facebook for å få flest muleg til å støtte aksjonen.

– Vi vil spreie informasjon om at det faktisk finst dyrefrie sirkus. Det er den dårlege behandlinga av dyra vi er imot, ikkje sirkuset i seg sjølv, presiserer dei.

Elefantar og kamelar i Norge

Som eksempel på dårleg behandling trekk dei fram det at sirkuset berre har ein elefant, sjølv om elefantar er flokkdyr.

– I tillegg har det vorte observert kamelar liggjande ute på grus i kulde og regn, sjølv om dei høyrer heime i varmt klima, seier Hansen.

NOAH har kjempa for sirkusdyr i fleire år, og i 2009 og 2010 foreslo Mattilsynet at eksotiske dyr vart forbode i norske sirkus. Dette forslaget vart avvist av landbruksministeren. Organisasjonen skriv på sine heimesider at sirkusdyra er tvunge til å underhalde og at dei lev eit liv med reising og avgrensa sosial omgang som gjer at dei ikkje får utfalde sine naturlege behov. Filmen «Tvunget til å underholde» viser livet til dyr på sirkus, og ungdommane på Hareid synest det dei ser er fælt.

– Filmen viser bilete frå heile verda, deriblant norske sirkus. Realiteten er forferdeleg og grusam, synest Grimstad.

NOAH har sjølve organiserte demonstrasjonar rundt om i landet. Organisasjonen sin leiar og pressekontakt var ikkje tilgjengeleg for kommentar til saka fredag kveld.