– Eg håper dei kjem i gong med planlegginga veldig raskt, og ambisjonane bør vere å ha det ferdigstilt om 6-8 år, seier Rasmussen til smp.no etter det vart kjent at regjeringa går for Hafast som ferjefri løysing på E39 i framtida.

Les også: Dette var E39-alternativene

Innovativ region

– Det krev utvikling av teknologi vi per i dag ikkje har på plass. Er 6-8 år realistisk?

Konsernsjefen er overtydd om at brua når den kjem på plass vil gagne næringslivet.

– Vi høyrer det dei seier i grunngjevinga om å leggje vekt på det regionale. På same måte som Eiksundsambandet vil Hafast utløyse ei enorm effekt for næringslivet i regionen.

Samfunnsøkonomisk nytte

– Eg har sett mange ulike tal og er ikkje sikker på korleis reknestykka er sett saman. Men den samfunnsøkonomiske nytten er desidert størst med Hafast, så det vil eventuelt forsvare høgare kostnader, slår konsernsjefen fast.