Dette seier Knut Nærø frå Herøy og Nils Taklo frå Ørsta. Nærø kjempa for realisering av Eiksundsambandet i over 30 år og lukkast til sist. Sambandet er nedbetalt om to månader.

Nils Taklo tok over stafettpinnen som styreleiar i Eiksundsambandet as for tre år sidan. Før dette var han ivrig forkjempar for Kvivsvegen heilt frå 1980 og fram mot vedtaket om å bygge vegen. Kvivsvegen er fullført og ferdig skilta som ny E39, akkurat samstundes med opphevinga av bomstasjonen på Eiksundsambandet i juni. Men Taklo vil flytte skilta til Stigedalen – og midtre alternativ for stamveg frå Volda og sørover.

Doblar

– Ja, og dette er eg no ikkje lenger det minste i tvil om. Kvivsvegen ligg der og vil ha ein prima funksjon uansett.

– Men Kvivsvegen fjernar ikkje to tunge ferjestrekningar, slik midtre alternativ frå Volda til Gloppen vil gjere, påpeikar Taklo.

– Når vi får inn nordfjordingane på denne måten, vil den gamle regionen på 50.000 personar vere dobla straks det nye stamvegsambandet er oppe, overslagsreknar Taklo.

Effekten

– Dette vil vere eit enormt pluss for arbeidsmarknad, handel og utveksling på alle dei måtar eg kan tenkje meg, seier Taklo og får full støtte av snart 92 år gamle Knut Nærø.

– Utbygging av nye samferdsleårar attåt dei eksisterande er den einaste vegen til vekst og utvikling, hevdar Eiksund-pådrivaren.

Han meiner Eiksundsambandet er det beste eksempel på påstanden til Taklo.

– Tunnelen har fått ein effekt dei færraste kunne tenkt seg. Men tala syner det eg alltid trudde på, hevdar Nærø. Han seier han kjenner plikt til å minne om denne suksesshistoria no, rett før valet mellom midtre og indre linje er venta å verte gjort offentleg av regjeringa.

– Det kan verte omtrent akkurat på same måten, berre dei no gjer det rette valet, på rette sida av Voldsfjorden, insisterer Knut Nærø. Korkje han eller Taklo vil høyre snakk om eventuelle negative effektar av midtre line.

Utan mandat

– Kva til dømes med lokalsjukehusa og lokalflyplassane langs aksen Anda – Volda?

– Det ligg ikkje til vårt mandat å vurdere. Dette er avgjerder som høyrer fagutvala og framtida til, seier Nils Taklo bestemt.

Men Taklo har ei klar oppmoding til regjeringa:

– Det må følgje med planleggings- og oppstartsmidlar med vedtaket om vegval. Når dette ikkje kom i samband med valet av Hafast framfor Fefast, så bør det i alle fall kome klare signal no når dei skal peike ut midtre eller indre line. Viss ikkje har slike avgjerder avgrensa verdi, vurderer Taklo.

Han vedgår at han er svært spent på regjeringa.

– Det er vel 50/50 og kan bikke begge vegar, trur han.

E39-kampen i Nordfjord står om midre og indre linje. Midtre går gjennom Sandane og Eid og vidare Stigedalen og bru over fjorden i Volda. Her er det to alternativ. Indre linje legg opp til tunnel gjennom Utvikfjellet, bru over Nordfjorden i Stryn og vidare til Hornindal og Kvivsvegen til Volda.