Heimafrå såg han spekkhoggarane på veg inn Leinevika i Herøy. Dermed heiv han seg i bilen, og så i båten – og fekk følgje staurkvalane ein god time, på veg ut att til Fosnavåg.

Svein Gigernes fortel at han talde i alle fall sju rundt båten sin onsdag kveld. Minst to av dei var ungar.

– Dette er ikkje slikt vi ser til dagleg, seier han.

Sjå video over

– Dei var vekke i periodar, og så dukka dei opp att rundt båten, nysgjerrige, fortel han.

Sjå også: Staurkval kloss opp i land (Herøynytt)