- Onsdag morgon gjorde Jan Pedersen, som bur på Øye og arbeider i Stranda, ein heller uvanleg observasjon for å vere på desse kantar, skriv avisa Sunnmøringen.

Ifølgje Pedersen såg han ein ulv som stod i skogkanten i 15 sekund.

- Dette måtte eg ha bilete av, tenkte eg. Eg byrja å rulle ned vindauget, men det skapte tydelegvis nok støy til at ulven forsvann, seier Pedersen.

Han var på veg til jobb og meiner han såg ulven nedover til Tryggestad. Ulven sprang over vegen.

Pedersen var noko usikker på om han verkeleg hadde sett ulv, men fekk vite at det nyleg er observert ulv i Oppstryn og i Sunnylvsbygda.

- Då blei eg straks mykje tryggare på at det faktisk var ulv eg såg, seier han til Sunnmøringen.