Måtte ut med 670.000 då huset brann

Fullverdiforsikringa dekte ikkje alt. No åtvarar dei andre.

Mistet alt i husbrann

Eg lurer på kor mange andre som ligg an til å kome i same situasjon som oss om katastrofen kjem til dei. – Eg lurer på kor mange andre som ligg an til å kome i same situasjon som oss om katastrofen kjem til dei.

Nyheter

Engeset, Stranda, 29. desember 2010: Det er midt på dag, og Råger Engeset jobbar med å reparere eit sprokke rør på garden på Engeset i Stranda. Kona Astrid er nede i sentrum. Telefonen ringer, det er dottera. «Det brenn, det brenn på eit rom i kjellaren!», seier ho.

FORSIKRING: Våningshuset på Garden på Engeset brann til grunnen i romjula i 2010. FOTO: POLITIET. 

Råger slepp alt han har i hendene og spring opp til huset. Dottera og ei venninne er der inne, men han får berga dei ut. No går det fort. Naboane kjem springande med brannsløkkingsapparat, og Råger får tømt tre av dei. Så smell det kraftig, og flammen går opp i andre etasje. Tre minutt etter er det ti år gamle våningshuset overtent.

Engeset, Stranda, 22. mai 2014: Der det berre stod att ei utbrent tomt romjula for tre år sidan, har det no kome opp eit nytt, flott våningshus. Råger og Astrid sit ved kjøkenbordet. Ifølge Råger er huset nesten identisk med det som stod der tidlegare.

Vil kjempe: – Vi håpar slagordet «Rolig, vi hjelper deg» er meir enn reklame for If. Men vi tek saka til finansklagenemnda om vi må, seier Råger og Astrid Engeset. 

– Vi hadde fullverdiforsikra huset med ei landbruksforsikring hos If, og vi hadde forsikringsagent her då vi teikna forsikringa. Så vi trudde jo at det skulle gå greitt å få bygd opp att huset for If si rekning. I starten gav If inntrykk av at ting ville løyse seg raskt.

Men slik har det ikkje blitt, ifølge Astrid.

– Dei har brukt månadsvis på å svare på breva og e-postane våre. Og dei kom ikkje hit og såg før etter nyhuset stod ferdig. Men det har ikkje vore dei største problema, seier Astrid.

Trøbbel med lova

– Eg var ikkje klar over at det var eit problem. If burde jo ha oversikt over kostnadsauken nye forskrifter fører med seg, og dei skal jo melde frå om slikt.

Problemet Råger snakkar om heiter TEk10. I 2010 innførte staten nye forskrifter for bygging av hus. Dei nye krava kom til å gjere det dyrare å bygge det nye huset, meinte If.

– Men eg kunne ikkje skjønne at det skulle bli eit problem. Forsikringa dekte jo ekstrakostnader opp til 300.000 kroner.

USAMDE: Huset Råger og Astrid har bygd opp igjen, er nærast identisk med det gamle, seier Råger Engeset. Det er ikkje If samde I. Dei meiner ekstrakostnadene er så store at forsikringa ikkje dekker det. Dermed måtte Råger og Astrid betale 670.000 for å fullføre huset. 

Det viste seg at ekstrautgiftene vart på 970.000. Ifølge If er kostnaden som følgje av nye lover 691.000. Resten av ekstrakostnadene er ting som ikkje er dekt av forsikringa, men som Råger og Astrid har ønskt sjølve, ifølgje selskapet. If dekte 300.000 av dei 691.000, resten måtte Roger og Astrid betale sjølve.

– If stod på sitt, og ville ikkje vike frå vilkåra. Dei hevda at mykje av kostnaden ikkje er på grunn av TEk10, men på at vi har hatt ønske om å heve standarden på bustaden. Vi fekk gjort huset litt breiare, flytta huset litt, og endra eit par andre ting. Dette har vi kosta sjølve.

– Vi har hatt takstmann og advokat til å vurdere saka, og dei har kome fram til at mykje av ekstrakostnaden utover Tek10 ikkje er reell. Vi meiner ekstrakostnadene med huset har sprunge løpsk, seier Råger.

Åtvarar andre

Råger og Astrid nekta å gå med på å stille ein bankgaranti for å fullføre huset, slik If kravde. Men familien måtte ha ein stad å bu, og enda opp med å låne rundt ein halv million og betale om lag 200.000 frå eiga lomme for å fullføre huset. No åtvarar dei andre om at dei kan kome i same situasjon.

– Det går ikkje an å kalle dette ei fullverdiforsikring. Eg lurer på kor mange andre som ligg an til å kome i same situasjon som oss om katastrofen kjem til dei.

– Det er utruleg vanskeleg å kome i ein slik situasjon. Det økonomiske er sjølvsagt ein byrde. Men det verste er å måtte kjempe mot systemet. Då vi teikna forsikringa, visste vi at If var eit litt dyrt selskap, men at dei ville hjelpe når noko skjer. Slik vart det ikkje, seier Astrid.

Astrid og Råger er likevel villige til å kjempe vidare mot If.

– Vi håpar slagordet «Rolig, vi hjelper deg» er meir enn reklame for If. Men vi tek saka til finansklagenemnda om vi må.

If: Vilkåra er klare

– Det er leit å høyre at kunden vår ikkje er heilt nøgd. Dette har vore ein stor og komplisert byggeprosess der eg meiner vi har gjort vårt yttarste. I alt har vi betalt ut nesten 14 millionar kroner. Eg meiner dette er eit godt oppgjer, seier informasjonsdirektør Jon Berge i If Skadeforsikring.

Han er klar på at Råger og Astrid Engeset burde vore klare over vilkåra i forsikringa si, og at det ikkje er aktuelt å vurdere saka på ny.

IF: Jon Berge er informasjonsdirektør i IF. Foto: Kilian Munch 

Det er også viktig å påpeike at dette er ei landbruksforsikring. Vilkåra er annleis enn i private forsikringar.

– Forsikringsvilkåra er viktige. Alle har også sjølve eit ansvar for å vurdere om dei har god nok dekning, det gjelder ikkje minst dei med store og kompliserte bygg. Slik sett er det fint å få fokus på dette. Alt for få tek seg tid til å lese forsikringsavtalen.

– Er det feil at fullverdiforsikring vil seie at huset blir gjenreist utan kostnad for kunden?

– Nei. Men i alle forsikringar er det visse grenser for utbetaling. I dette tilfellet 300.000 kroner for utbetringar som er pålagte av det offentlege. På grunn av blant anna prisauke, har vi no auka denne summen i nettopp denne type forsikring, seier Berge.