Thomas Rødstøl i Statens naturoppsyn er fredag i Sykkylven for å hente ulven som var skoten torsdag kveld.

Rødstøl slår fast at det er ein hannulv, og ganske sikkert ein som var kvalp i fjor.

Rødstøl fotograferer dyret, merkar det, og tar også prøve som skal til dna-analyse. I tillegg dokumenterer han staden der ulven vart skoten.

Over helga blir ulven frakta vidare til Trondheim. Ved skadefelling er det Statens viltfond som er eigar av dyret.

Rødstøl reknar med at denne ulven er ein av dei som tidlegare i år var sett i Gudbrandsdalen. Og han er nokså sikker på at ulven som har vore sett i Sykkylven og i Stranda har vore åleine.

Sjå video: Filma ulven på nært hald