Under eit improvisert minimøte på Volda ferjekai laurdag ettermiddag, oppstod det store forviklingar om den nyopna Kvivsvegen. På Volda ferjekai skulle samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen møte Odd A. Folkestad, forkjempar for E39 gjennom Stigedalen og kommunstyrerepresentant for Ferjelista i Volda kommunestyre.

Skal Kvivsvegen ha status som E39 frå no, eller skal Stigedalen ha denne statusen fram til indre E39-linje er ferdigstilt ein gong i framtida? Det spørsmålet kom det fleire svar på utover dagen laurdag.

Full forvirring

Først vart det sagt at E39 framleis skulle gå via Stigedalen til Nordfjordeid, i staden for via Kvivsvegen.

Dette vart retta av statssekretær Jon Georg Dale. Han sa til smp.no at dei to vegane skal ha nokolunde likeverdiig status, og at det ikkje var avklart kva for ein veg som skulle ha stamvegstatus. Også det viste seg å vere feil.

Statssekretær Jon Georg Dale gjer det no klart at det ikkje må vere nokon som helst tvil om at den nyopna Kvivsvegen får status som E39, slik regjeringa tidlegare har sagt.

Stigedalen, dagens E39-trase, vil få riksvegstatus, og vil dermed ikkje verte nedklassifisert til fylkesveg, slik prosedyren er når ein vegtrase mister Europaveg-status.

Skiltinga gjennom Stigedalen vil bli med «stipla skilt» til E39.

Krev støtte

Den raudgrøne regjeringa har tidlegare gjort vedtak om at Stigedalen skal degraderast til fylkesveg når Kvivsvegen no står klar. Dette vil altså den nye regjeringa no gjere om.

Ei slik endring krev støtte i Stortinget.

- Sidan Venstre og KrF har støtta midtre E39-trasé, trur eg vi får dei med på dette, og får fleirtal, seier Solvik-Olsen.

Gunstig for Stigedalen

Dette inneber mellom anna ein mykje gunstigare posisjon i høve ferjeanbod og status elles, enn fylkesveg ville hatt.

Dermed jubla midtlinjeforkjemparane litt for tidleg når det gjeld E39-status, men unngår likevel å få fylkesveg gjennom Stigedalen. Særleg viktig er dette for ferjeanboda for sambanda Lote – Anda og Volda – Folkestad.

Under møtet i Volda, før forvirringa oppstod, la ikkje samferdsleministeren skjul på kva han meiner om at E39 skal gå i Kvivsvegen til Hornindal, langs Hornindalsvatnet til Eid (dagens rv. 15) og derifrå med ferje over Anda-Lote.

- Eg trur ikkje det er særleg heldig om vegen går i ein slik S, sa Solvik-Olsen.