Kjenner du nokon her?

Lokal musikkvideo med suksess på Youtube.

Nyheter

Volda-studenten Eirik Sognnes har fått god hjelp til å produsere musikkvideo til sin nye sang "Fredag".

Alle involverte i musikkvideoen (store og små), i lydstudio og plateselskap, er unge kulturspirar fra Møre og Romsdal. 

- Plateselskapet og lydstudioet er heilt nytt og bygd opp av Stordalingen Robin Aasen (26 år). Bak innspeling, ide, regi, klipp og filming av musikkvideoen står Atle Vasbotn Remmereit frå Volda og Kent Andreas Sæterøy frå Harøya, fortel Eirik Sognnes. 

I hovudrollene finn ein Jarle Isene på 12 år frå Volda og Julijane Vasbotn Remmereit (12 år), som i tillegg til skodespel har laga koreografi til dansen i filmen.

I bandet spelar foruten Eirk Sognnes sjølv på sang og gitar, Preben Dahle (gitar), Timmy Aass (tromme), Ingvild Hagen (piano), Alexander Laberg (trombone/tuba) og Reidar Johansen (bass).

Og plateselskapet fra Stordal heiter sjølvsagt Big Valley Records.