Det viser DNA-analysen som Rovdata har utført. Ulven vart felt av eit jaktlag i Sykkylven 5. juni.

Det er ein av desse kvalpane som i vår vandra vestover til Stranda og Sykkylven.

Var det rett å felle ulven? Sei di meining

– For ulvebestanden hadde det vore gunstig om denne ulven hadde fått lov til å leve. Ulven i Skandinavia har sterk innavl. Denne ulven var eigentleg friskt blod, seier seniorforskar Øystein Flagstad i Rovdata.

Fleire titals døde sauer og lam vart funne, drepne av ulven. For sauebøndene i området var det avgjerande at ulven vart tatt hand om.

Sjå video: Filma ulven på nært hald

Vart tatt vare på

Då det finsk-russiske ulveparet vart oppdaga i Norrbotten, vart det flytta bort frå reindriftsområdet i nord og til Sør-Sverige, der ulveparet har etablert seg. Forskarane observerte fem kvalpar i dette kullet, før dei vandra ut.

– Ulven kan vandre i alle mulege retningar, men det er ofte slik at ulvar som er fødd i Norge vandrar austover, og ulvar som er fødd i Sverige vandrar vestover. Nokre av dei kjem så langt som vest for Glomma, seier ulveforskaren.

Flagstad fortel at to ulvar frå dette kullet no er skotne.