Dermed var dåpsseremonien for «Normand Vision» i gang ved Vard Søviknes. Fleire hundre gjester frå olje-, gass- og skipsindustrien og andre frammøtte fekk sjå at seremonien gjekk glatt for seg.

Skipet som kostar 1,4 milliard kroner er eitt av dei mest avanserte i sitt slag. Det er laga for å setje oljeinstallasjonar på havbotnen, og det kan arbeide på tre kilometers djupne.

Skifte utstyr på botnen

Gudmor Monica Mæland påpeiker det sterke maritime miljøet som er på Sunnmøre, og som også er lagt merke til og verdsett i utlandet.

– Første oppdraget er for Shell på Draugen på Haltenbanken der vi skal skifte ut utstyr på botnen, og så skal vi til Norne der Statoil vil ha skifta ut stigerør, seier Steinar Riise som er toppsjef i Ocean Installer. Dei har leigt båten frå Solstad offshore i åtte år, og når den tid er ute kan dei forlengje med to år.

– Denne båten skal gå på dei sju hav, seier han. Skipet er godt eigna for å gjere det arbeid som er i vente i Norskehavet i tida framover.

Jorda rundt

Verftsdirektør Frode Klokk viste til at skroget kom frå Romania i januar, og det har vore eit intens arbeid å få alt ferdig, men HMS har dei ikkje firt på.

– Ein av vår styrke er at folk tek ansvar og står på, og vi kan tilpasse etter kvart i samråd med rederen, seier han. Båten ligg i ro på havet sjølv i det hardaste styggevêr. Dette skipet skal arbeide jorda rundt og på dei mest fjerne plassar. No er der ferie og i september kjem eit skrog til.

– «Normand Vision» er eit døme på kva norsk industri greier. Dette er eit sterkt og avansert skip. Vi er verdsmeistrar i å byggje slike skip, sa skipsreiar Lars Peder Solstad som og sa at det meste på skipet er norsk utstyr, og det er teikna og finansiert i Norge. Han gratulerte alle som har vore med å byggje «Normand Vision». Det har vore eit nært samarbeid mellom verft og oppdragsgjevarar, og sentrale utstyrsleverandørar har delteke aktivt.

Søvik-Gamlem skulekorps som spela både marsjar og Ja vi elskar. Foto: Frode Kleiveland