Selje har ein heilt spesiell plass i norsk kyrkjehistorie og ruinane etter klosteret på Selja står fortsatt. Men i sommar er det etablert eit nytt kloster i Selje.

Fader Damaskinos er på plass saman med gode hjelparar. Foreløpig i ei sjøbud fem kilomter frå Selje sentrum. Men dei har utsikt til klosterøya.

– Og vi arbeider med å få til eit klosterbygg på Selja.

Damaskinos seier at når dei no er etablert i Norge, så er det enklare å knyte kontaktar, møte folk og finne ut kva som er muleg når det gjeld å få bygt eit kloster.

– Vi håper det ikkje blir så lenge til.

Frå Sveits til Selje

Fader Damaskinos er opprinneleg frå Sveits, men kjem til Selje frå eit kloster i USA. Han er utdanna biolog og vaks opp som protestant.

– Men så begynte eg å stille spørsmål ved ein del ting, og desse spørmåla leia meg til den ortodokse kyrkja.

I slutten av 2011 bestemte han seg for å verte munk. Og til Norge kom han så seint som 7. juli.

– Eg kom så eg kunne vere med på å feire Sunnivamessa.Snart fyller han 34 år.

– Det skjer på olsokdagen. Kanskje det var difor eg skulle til Norge, smiler han.

Gjestfridom

I Norge møtte han abbedisse Thavoria som har etablert ortodoks nonnekloster i Norddal. No er ho og nokre gode hjelparar på plass for å starte klosterdrifta der Damaskinos held til i dag. Dei har fått på plass klosteret sine rytmer med gudstenester morgon og kveld, måltid, liturgi og andre faste ledd gjennom dagen.

– Korleis ser klosteret ut nokre år fram i tid?

– Det veit Gud. Men vi ønskjer å vise folk at dei er velkomne her, velkomne til å ta del i gudstenestene, kome til måltid, ete her, bu her, snakke med oss. Gjestfridom er viktig for oss.Men Fader Damaskinos skal iallfall ha selskap av Abbed Dionyssios. Han er den nye leiaren ved Heilag Sunniva-klosteret. Dionyssos vart vigsla 1. juli av Patriarken av Georgia, og kjem til Selje seinare. Det er også planar om benediktinarakloster på Selja, og pådrivarane for det klosteret har alt kjøpt tomt som kan brukast til bygging av kloster.