Tvisyn AS kjøper Vestnesavisa
Fredag føremiddag vart avtale om sal av Vestnesavisa AS til Tvisyn AS underskriven. Vestnesavisa vert dermed med under paraplyen som allereie eig avisene Øy-Blikk og Avisa Lofoten. Det står i ei pressemelding frå Vestnesavisa.
Tvisyn AS er eigd av Robin Røkke, som også er deleigar i Haramsnytt AS, som gir ut Nordre, og i tillegg eig avisutgjevarselskapa Midsundingen AS og Sulaposten AS.
Ifølgje pressemeldinga går Robin Røkke inn på eigarsida av Vestnesavisa for å styrke avisa, sikre gode avisvilkår og vidareutvikle avisa.
Tidlegare dagleg leiar i Vestnesavisa Torstein Sønstabø held fram som ansvarlegredaktør. Robin Røkke tar over som dagleg leiar.
– Eg er svært glad for at Robin Røkke ville gå inn som eigar i Vestnesavisa AS. Det vil gi Vestnesavisa større moglegheiter for utvikling av avisa, og levere eit bestmogleg produkt for våre lesarar, seier Torstein Sønstabø