Brannen på Gursken er under kontroll
Siste om trafikken på f.v. 61 på Almestad: Vegen er opna for normal ferdsel igjen. Det skriv Vegtrafikksentralen i ei Twittermelding i 16-tida.
Politiet melde om brann i ein bustad på Almestad på Gursken, cirka klokka 12.45. Det skal ikkje vere personar i huset.
– Brannvesenet var på plass tolv minutt etter at meldinga kom, seier operasjonsleiar Frank Austdal.
– Vi har fått kontroll på brannen, og er no i gang med full ventilering.
Brannen vart oppdaga av nokre forbipasserande, opplyser han. Det er snakk om eit eldre bustadhus, eit lite stykke unna næraste naboar.
– Det var nok ingen umiddelbar fare for naboane, seier Austdal.
Brannvesenet skal no gå inn med spesialkamera for å måle temperatur, og drive ettersløkking utover dagen.
Austdal veit per no ikkje kva for tilstand huset er i.