No er det klart for ein ny musikkpris-runde.

8. juni skal tre finalistar så på scena på T2. No kan publikum stemme fram sine favorittar.

Amanda Tenfjord på Eurovision-scena, sju år etter at ho vann Musikkprisen. Foto: HEIKO JUNGE Heiko Junge/NTB

Men korleis har det gått med dei tidlegare musikkpris-vinnarane? Meir om det i tabellen nedanfor.

Til årets musikkpris har det kome nesten 50 bidrag.

– Eg har høyrd gjennom alle bidraga som har kome, og det er mykje bra i år.

Det seier Terje Erstad, juryformann i Musikkprisen.

Musikkprisvinnar 2021 Emilie Malene Giske. Foto: Marius Simensen

Med publikum i salen igjen

Dei siste to åra har musikkprisen blitt arrangert på Giske, utan publikum i salen. Tidlegare har musikkprisen vore på Terminalen, men i år skal dei teste ut den nye konsertscena T2.

– T2 er ei litt meir intim scene som har fokus på «up and coming», usignerte artistar. Blir det mange lokale artistar i finalen håper vi det blir fullt opp med folk.

Publikum kan røyste fram finalistar fram til 29. mai. Då vil publikumsrøystene og juryen telje 50 prosent kvar.

– Musikkprisen er først og fremst for å få opp talent, om du ikkje vinn er det likevel ei bra plattform til å vise fram musikken på. For uetablerte artistar kan det ha nytteverdi, sjølv om ein ikkje er på toppen.

Han trekk fram blant anna 06 boys frå Molde og Hedda Mae som er nokre av tidlegare deltakarar som har gjort det bra etter å ha delteke i konkurransen.

– Det er jo mykje spennande som skjer med mange av dei andre også.

Vinnaren får studiotid på Ocean Sound Recordings, speletid under musikkonferansen i Trondheim og speletid på Jugendfest.

Terje Erstad Foto: Marius Simensen

Tidlegare vinnarar

Artist/bandÅrSist aktuell
Dina Misund2008I et hav av folk (2022)
Musth2009Under Nature's Skirt (2022)
Mikhael Paskalev2010Why don't you like me (2021)
Highasakite2011Mother (2022)
Man Get Out2012Capitulate (2014)
Padawan2013Konsertar i 2015
Ine Hoem2014Alt Vi har kjært (2021)
Amanda Tenfjord2015Eurovision og Arcade 2022
Cashmere factory2016Highrise 2018
Revolt2017Deity (2022)
Isak Shorty2018Tenkte fortsatt på de (2022)
Kontrollert kaos2019Få På! (2022)
Lizz2020F Putin (2022)
Emilie Malene Giske2021Won't Change (2021)

Fleirtalet av tidlegare vinnarar er framleis aktive i musikken av ulik grad, med unntak av Padawan og Cashmere factory.

– Dei er slike band som eg håper på eit tidspunkt skal gi ut musikk igjen, for det var band med x-faktor. Dei er ikkje berre flinke musikarar, men ein fekk også kjensla av at dei var ekte band.

Imedan andre har gjort seg anerkjent både nasjonalt og internasjonalt, som Eurovisiondeltakar Amanda Tenfjord.

– Det er heilt fantastisk og veldig artig. Vi har brukt ho mykje på arrangement og festivalar, det er kjekt å sjå at ho blomstrar slik ho har gjort. Det er eit talent som vi og andre har sett. Eg trur musikkprisen er med å gi artistar den bekreftinga dei treng på at dei har noko føre seg.

Frå musikkprisen til Eurovision

I 2015 stod Amanda Tenfjord som vinnar på scena under musikkprisen.

I helga kom ho på åttandeplass i Eurovision då ho song for Hellas under finalen i Torino.

– Eg trur musikkprisen var springbrettet til mange ting for meg, og eg fekk spele inn dei første songane eg gav ut sjølv. Det var ein god start og absolutt veldig viktig.

Sjølv om ho er på sluttinnspurten av medisinstudiet, let ho ikkje musikkarrieren vente.

– Kva planar har du vidare?

– Eg slipp ein ny song no på fredag. Det er morosamt at du spør meg om planar, for songen heiter «Plans». Også slipp eg mitt første album etter sommaren. I sommar skal eg jobbe på Ålesund sjukehus, og det gler eg meg til!