Bilføraren hadde køyrt frå Oslo og var på veg heim til Ulstein då han blei tatt i laserkontroll på E39 i Austefjorden i Volda ein søndag kveld i september.

Politiet målte farten til 116 km/t då mannen var i ferd med å køyre forbi ein bil.

Bilføraren, ein mann i 40-åra, har no møtt i Møre og Romsdal tingrett, der han har tilstått forholdet.

I retten har mannen forklart at det danna seg kø på 15 til 20 bilar bak ein bil som varierte farten mellom 65 og 75 km/t, og det hadde vore ein del stygge forbikøyringar.

Sjølv hadde han god tid, men valde å køyre forbi då dei kom til ei lang strekning, der det var råd å ta ei kontrollert forbikøyring.

Men han meiner den andre bilen må ha auka farten. Sidan han nærma seg ein bakketopp og sving, måtte han sjølv auke farten for å unngå ein trafikkfarleg situasjon.

Retten meiner dette ikkje var ei aktsam forbikøyring. Bilføraren burde ha avbrote forbikøyringa i staden for å akselerere fram mot bakketopp og sving, ifølgje retten.

Mannen er dømd til å betale 12.500 kroner i bot. Han må også klare seg utan førarkort i tre månader.

Fem bilførarar mista førarkortet på grunn av for høg fart i denne fartskontrollen søndag 11. september. I tillegg fekk 25 bilførar fartsbot, ifølgje Twitter-meldinga frå politiet denne dagen.