På topp: Møre og Romsdal og Rogaland toppar lista over mest fruktbare fylke. Oslo fylke har dårlegast score. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

– Vi er fornøgde med at fruktbarheita auka i 2021 etter historisk låge tal i 2020. Dette bidreg til auka fødselstal, som igjen kan vere med på å halde oppe folketalet og tilbod og tenester til born og unge i fylket, seier fylkesplansjef i Møre og Romsdal Ingunn Bekken Sjåholm.

1,73 er snittet på kor mange born kvar kvinne i Møre og Romsdal føder gjennom livet. Hovudstaden har det dårlegaste snittet på 1,42. Ikkje sidan 2017 har ein hatt høgare fruktbarheitstal i Møre og Romsdal. Men denne rekorden er liten sett i samanheng med tala frå 1968, då kvar kvinne fødde 3,20 born i snitt.

– Det kan jo ha samanheng med pandemien og at folk var meir heime. Men dette er nok ikkje heile forklaringa. Vi ser at fruktbarheitstalet auka meir i Møre og Romsdal enn landsgjennomsnittet. Det blir spennande å sjå om nivået held seg i 2022 og 2023 med, seier Sjåholm.

Dei kommunane det blei født flest born i er Ålesund, Molde, Kristiansund, Hustadvika og Volda. I Fjord, Smøla, Aure, Vanylven og Tingvoll kommune blei det født færrast born.

Gjennomsnittsalderen til fødande kvinner var 31,1 år i 2021, og 31,6 år nasjonalt. Færre kvinner var einslege då dei fekk barn i 2021. I 2021 er 57,8 prosent av kvinnene som får barn sambuande, mens 33,2 prosent er gifte.

(©NPK)